Volda og ÅVK vann Odden-cupen

Rekorddeltaking i den 15.utgåva av breiddecupen.

For tredje år på rad var det eit lag frå ÅVK som stakk av med sigeren under Odden-cupen. Dei slo Hasundgot kvit i finalen.   Foto: Iver Vattøy

Volda 1 vann dameklassa etter å ha slått Hasundgot i ekstraomgangar.   Foto: Iver Vattøy

Sport

ÅVK gjekk til topps for tredje året på rad etter at ÅVK ll slo Hasundgot i finalen. ÅVK ll som enda opp som vinnar av turneringa, gjekk vidare frå gruppespelet med eit nødskrik.

Laget enda på 2.-plass med 6 poeng etter ein 1–0 siger mot Skeide i siste kamp.

Hødd Junior vann gruppa suverent med 12 poeng, men i kvartfinalen måtte dei sjå seg slått av Island Offshore. Sistnemnde vart eit nummer for små då dei i semifinalen møtte AVK ll.

I den andre semifinalen møttest Åvk l og Hasundgot Kvit. Sebastian Kleven Moldskred scora to mål før Joakim Skarbø punkterte kampen med si 3–0 scoring.

Finalen mellom Hasundgot og ÅVK ll var jamspelt og prega av høg temperatur. Eit tidleg mål frå ÅVK-spelar Anders Midtbø, gjorde at Hasundgot måtte jage ei utlikning. Trass i fleire gode forsøk og sjansar mot slutten av kampen, greidde dei ikkje å overliste ÅVK-keeperen. Kampen enda 1–0 til ÅVK som dermed vann Oddencup for tredje året på rad.

Imponerande nivå

Odd-Arne ”Odden” Seljeset var imponert over damene i årets turnering. ”Det var ny rekord i talet på lag i trenering, men det som er mest gledeleg, er nivået som blei vist i dameklassa under årets turnering”.

I dameklassa vart det særs spennande i semifinalane. Den jamnaste semien var mellom Volda 1 og Volda 2. Der var umogleg å skilje laga, og sjølv etter 3 ekstraomgangar med ”Sudden Death” var stillinga framleis 1–1. Straffekonk måtte til, og heller ikkje der var forskjellen stor. Etter 14 straffespark var det Volda 1 som kunne juble for finaleplass.

I den andre semien, gjekk Hasundgot sitt damelag vidare til finalen etter å ha slått Hødd-damene 2–1

Finalen mellom Hasundgot og Volda 1 var jamspelt og målfattig. Etter ordinær tid var stillinga 0–0 og ekstraomgangar måtte til for å skilje mellom laga. Tidleg i ekstraomgangane scora Maja Østervold kampens første og siste mål. Dermed kunne Volda-spelarane juble for siger i årets utgåve av Oddencup.

”Odden” sjølv var veldig imponert over dei to finalistane.

- At Hasundgot spelar jamt mot Volda sitt bestelag er veldig imponerande. I tillegg vil eg rose Volda i årets turnering, dei har vore eksemplariske, seier Odd-Arne Seljeseth.

Prisar:

Volda 2 fekk tildelt Fair Play-prisen i tillegg til at keeper på Volda 1, Natalie Eide, vart kåra til beste spelar i turneringa.

Beste spelar Herrar: Joakim Rødven

Beste spelar damer: Natalie Eide

Toppscorar Herrar: Stian Bellen

Toppscorar damer: Anna Nerland Aahjem