Innandørs-NM i Ulsteinhallen:

Gull nummer to for Karsten!

Karsten Warholm banka til med ny personleg rekord, banerekord og meisterskapsrekord på 200 meter.

Karsten Warholm sprang i mål på tida 20,91 og gull på 200 meter.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

- Dagen i går tok på, og det var ein litt tung start på løpet. Men, med den gode stemninga i hallen fekk eg krefter igjen. Dette var fantastisk, sa Warholm etter løpet.

Dimna IL-utøvaren sprang i mål på tida 20,91, som både er ny banerekord i Ulsteinhallen og ny meisterskapsrekord.

Andreplassen var det Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø Tog IF) som tok, på tida 21,49, medan Håkon Morken frå Lillehammer IF sprang i mål til tredjeplass på tida 21,94.

Laurdag sette Warholm ny norsk rekord på 400 meter, og sikra seg sjølvsagt også gullet på distansen.