Kallevåg til Haugesund

Torbjørn Kallevåg vert truleg Haugesund-spelar frå neste år.

Fredrik Aursnes og Torbjørn Kallevåg  Foto: Arkiv

Sport

Etter det Sunnmørsposten kjenner til, har Kallevåg allereie vorte samd med eliteserieklubben Haugesund om ein avtale frå og med nyttår.

Dei siste vekene har Kallevåg vore ut med skade.  I løpet av dei ni kampane i vårsesongen han rakk å få med seg, skåra han fem mål.

Midtbanespelaren seier til Sunnmørsposten at han har vore i samtalar med Haugesund og at det er lite truleg at han spelar for Hødd neste år.

Til Vikebladet Vestposten seier Kallevåg at det lenge har vore ein draum å få lov til å spele for ein eliteserieklubb.