Nordvest Maraton-vinnar Louise Skak:

- Hareid er fantastisk

Danske Louise Skak, som bur i Norge, prioriterer lett Nordvest Maraton framfor store, internasjonale konkurransar.

Louise Skak fekk seg ein god klem frå halvmaraton-vinnar for herrar, Jan Ketil Vinnes, då ho hadde kome i mål. Skak smadra sin eigen løyperekord på heilmaraton med nesten 8 minutt!  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

- Eg elskar å kome tilbake hit til Hareid for å springe Nordvest Maraton. Hareid er fantastisk.

Det seier Louise Skak, som under dagens heilmaraton sprang i mål på tida 3.12,58, ei forbetring av hennar eigen løyperekord med nesten 8 minutt!

- Eg var veldig overraska. Eg hadde verkeleg dagen i dag, seier Skak.

Ho fortel også at ho eigentleg hadde sett seg eit mål om å kome i mål på rundt 3.18,00, men at ho ut i løpet såg at det kunne gå raskare.

- Eg såg mykje på klokka mi, då eg ikkje hadde nokon konkurrentar å springe saman med. Det er heilt klart tøffare å springe ein slik distanse åleine.

- Løypa passar meg godt

Den 41-år gamle dansken, som bur og jobbar i Oslo til dagleg, er klar på at ho mykje heller vel å springe Nordvest Maraton, enn til dels Oslo Marathon.

- Det er synd å sjå at vi berre er to som stiller til start på heilmaraton her i år, og eg skulle eigentleg ønskje at det var ein 10-15 å konkurrere med, minst. Det er på ingen måte Nordvest Maraton si skuld, men det har nok med at det er nokre kolliderande arrangement denne helga, seier Skak og legg til:

- Eg deltek i mange maraton og ultraløp i løpet av eit år, men Nordvest Maraton har raskt blitt ein av mine favorittar. I år er fjerde året eg er her, og eg kjenner det på meg at dette løpet gjer meg godt. Eg deltek meir enn gjerne her framfor Oslo Marathon og slike større arrangement. Det er kjekkare for meg å støtte slike lokale løp enn å betale i dyre dommar for å vere ein del av enorme Oslo Marathon.

Skak seier at løypa passar hennar stil veldig godt.

- Det gjer den. Det er mykje asfalt, noko eg er veldig glad i å springe på. Det er dessutan få bakkar i løypa, og det gjer godt for meg som vaks opp i flate Danmark, seier ho og flirer.