Skak var best på heilmaraton under Nordvest Maraton:

Smadra eigen løyperekord med nesten 8 minutt!

Det var to startande på heil- og 31 på halvmaraton under årets Nordvest Maraton på Hareid. Louise Skak kryssa målstreken på ei mildt sagt imponerande tid. Sjå bileteserie frå løpet.
Sport

På tida 3.12,58 kom Louise Skak i mål, og smadra med det sin gamle løyperekord for kvinner på heilmaraton. Den tidlegare rekorden var frå i fjor, då ho kom i mål på tida 3.20,51. Det betyr at ho sprang nesten 8 (!) minutt raskare i år. Ho var einaste kvinne som sprang heilmaraton i år.

I herreklassen på heilmaraton var Geir Råheim også einaste deltakar, og han kom i mål på tida 3.41,34.

Halvmaraton

Jan Ketil Vinnes var best av herrane på halvmaraton, og kom i mål på tida 1.20,58. Einar Orten Trovåg blei ein god nummer to, på tida 1.23,05.

Jodi Brautaset var best av kvinnene. Ho kryssa målstreken på tida 1.40,42.


Resultatliste Nordvest Maraton 2017

HEILMARATON:

Menn 60-64 år:

Geir Råheim 3.41.34

Kvinner 40-44 år:

Louise Skak 3.12.58


HALVMARATON:

Menn 17-34 år:

Einar Orten Trovåg 1.23.05

Svein Erik Ertesvåg 1.42.16

Andreas Røren 1.43.21

Martin Ingjerd  1.48.22

Stian Brandal 1.49.00

Vegard Tokle 1.49.25

Gard Eikrem 1.55.23

Torstein Sivertsen 2.02.31

Menn 35-39 år:

Adam Mlodzinski 1.40.54

Menn 40-44 år:

Jan Endre Rise 1.28.46

Thomas Dalsøren 1.40.31

Marcus Vedeler 1.45.35

John Rune Lillebø 1.46.08

Menn 45-49 år:

Jan Ketil Vinnes 1.20.58

Dag Harald Moldskred 1.31.00

Jonny Tømmerbakk 1.37.05

Tim Riedel  (Berlin) 1.40.20

Menn 50-54 år:

Øystein Bjørdal 1.32.23

Thomas Andersson 1.45.43

Bjørn Oskar Holstad 1.48.43

Ulf Magne Eikås 1.56.28

Menn 55-59 år:

Helge Kroken 2.02.36

Menn 60-64 år:

Dag Snipsøyr 1.56.31

Per Arne Pedersen 2.07.43

Menn 65-69 år:

Øystein Øien 1.57.40

Kjell M. Fagerlund 2.04.44

Gunnar Nordhus –

Menn 70-74 år:

Atle Nytun 1.48.28

Kvinner 17-34 år:

Amalie Koppen –

Kvinner 40-44 år:

Jodi Brautaset (USA) 1.40.42

Kvinner 45-49 år:

Anette Kristiansen –


* 31 deltakarar på halv distanse, 2 deltakarar på full distanse.

* Louise Skak si tid på heilmaraton (3.12.58) er den beste kvinnetida gjennom tidene, 8 minutt betre enn den forrige bestetida hennar.

* Jan Ketil Vinnes si tid på halvmaraton(1.20.58) er den 16. beste herretida gjennom tidene.

* Jodi Brautaset si tid på halvmaraton (1.40.42) er den 6. beste kvinnetida  «all time».