2.-divisjon avdeling 2:

Hødd - Vindbjart LIVE

Vi følgjer Hødd sin heimekamp.
Sport

Hødd måtte nøye seg med eitt poeng då laga møtte kvarandre i Vennesla tidlegare i sesongen. Då enda kampen 2-2 etter at Hødd sine scoringar kom ved Badr Rahhaoui og toppscorar Torbjørn Kallevåg.

Les også: - Vi er godt i gjenge

Heime på Høddvoll bør Hødd vere favorittar. Laget har seks strake kampar utan tap, og sist vart Vidar slått 3-0 på bortebane.

Søndagens motstandar har ikkje fått det like godt til den siste tida, og står no med fire kampar på rad utan siger. Etter at Fana slo Byåsen laurdag er Vindbjart under nedrykksstreken før kampen med Hødd.

Kampstart er 18.00 på Høddvoll og vi følgjer den direkte her på Vikebladet.no