Han er berre 21 år gamal, men har allereie erobra hjarta til det norske folk og for alvor gjort seg kjend blant verdas friidrettspublikum.

Les også: - Heile sesongen har vore eit eventyr

Under det europeiske friidrettsforbundet sin galla i Vilnius laurdag kveld blei Warholm kåra til årets mannlege «Rising Star», eller årets gjennombrot i friidretts-Europa. Jakob Ingebrigtsen og greske Miltiadis Tedoglou var dei to andre nominerte, men det var "dimnakorren" som til slutt gjekk av med sigeren. Og det gjorde han på tredje forsøk, for han har nemleg vore nominert to gonger tidlegare.

- Det var stor stas, det må eg verkeleg seie. Det var ei fin stund i hyggeleg lag, og ei flott oppleving i det store og det heile, seier Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten søndag.

Ved si side hadde han kjærasten Oda Djupvik, som blei 19 år laurdag.

- Det blei ei ekstra hyggeleg bursdagsfeiring kan du seie. Og så blei jo bursdagsmiddagen ganske bilig også, seier Warholm spøkefullt.

Audmjuk idrettsmann

Sjølv om det var stort å bli anerkjend for den gode sesongen han har hatt, betyr ikkje prisen så mykje for han akkurat no.

- Eg er veldig audmjuk i forhold til det heile. Det viktigaste for meg er konkurransane, og når det går så bra som det har gjort i år, så er det sjølvsagt veldig kjekt. Denne prisen bekreftar at eg har noko å fare med, men eg er verkeleg ikkje avhengig av å få prisar. Det viktigaste for meg no er å prestere når det gjeld som mest. Men det er klart, seinare i livet vil nok dette vere veldig kjekt å sjå tilbake på, seier Karsten Warholm.

Karsten og Oda sat på bord saman med ingen ringare enn Sebastian Coe, leiaren for Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), og Svein Arne Hansen, president i Det europeiske friidrettsforbundet.

- Det er hyggelege karar. Så var det jo Svein Arne som fekk dele ut prisen til meg også. Det var ekstra kjekt. Han fekk ikkje sjå løpet mitt live eller dele ut VM-gullet til meg fordi han var i karantene med Noro-viruset under VM i London, så dette var nok godt for han, seier Warholm.

Warholm tok som kjent eit sensasjonelt gull på 400 meter hekk under London-VM i sommar.

Fin motivasjon

Hovudpersonen sjølv er no tilbake igjen i Oslo, der han bur og trenar. Då Vikebladet Vestposten snakka med han søndag ettermiddag, var han på trening.

- Gårsdagen gav meg ein fin motivasjon, men prisen gjer meg ikkje så mykje raskare. No er det rett på trening igjen, så får vi sjå om eg kan få gjort noko med akkurat det, seier Warholm til slutt.