Inviterer til skirenn på Bondalseidet

Denne veka startar Hovdebygda IL Langrenn opp med Sparebank1-cup i langrenn på Bondalseidet.   Foto: Arkiv.

Sport

Torsdag arrangerer Hovdebygda IL Langrenn årets første løp i Sparebank1-cup på Bondalseidet.

Guttorm Øye i Hovdebygda IL Langrenn fortel at sporten opplever aukande rekruttering og at ein no startar opp med sesongens lokale skirenn. Totalt blir det arrangert fem renn.

- Vi har hatt ein fin vinter til no, og det merkar vi på den måten at veldig mange har leita fram skia, fortel Øye.

Han legg til at dei ulike renna vekslar mellom fristil, klassisk, stafett og skileik.

Renna blir arrangert ved langrennstadion på Bondalseidet.