Seks lokale til G14 Nasjonal

Tre frå Hødd, to frå Hareid IL og ein frå Haddal IL i den nye 25-mannstroppen.

Nikolas Brandal frå Hareid IL er tatt ut i Sunnmøre Fotballkrets sin G14 Nasjonal-tropp saman med fem andre frå Ulstein og Hareid. Her under Grendacupen i romjula. 

Sport

Sunnmøre Fotballkrets har denne veka publisert vårtroppen til kretslaget G14. Ifølgje Sunnmøre Fotballkrets er det dette laget som også blir brukt som sitt lag i den nasjonale G14-serien i eit samarbeid med AaFK.

Ronny Holte er hovudtrenar for dette laget og har med seg Bjørn Helge Riise som assistent, medan Ann Kristin Aarønes er lagleiar.

Første trening for Sunnmøre Fotballkrets sin G14 Nasjonal-tropp er på Color Line Stadion 14. januar. Første kamp går mot NFF Sogn & Fjordane i Sognahallen i slutten av månaden.

Frå Hareid og Ulstein er det tatt ut seks spelarar. Tre av desse frå Hødd, to frå Hareid IL og ein frå Haddal IL.

Hødd:

Kyrre Meinset, Oliver Ottosen, Syver Skundberg Skeide

Hareid IL:

Nikolas Brandal, Christian Mork Breivik

Haddal IL:

Filip Haram Rogne

Sjå heile troppen på SFK sine nettsider.