– Det er slalåm som er kjekkast! Soleklart! Eg synest det er skikkeleg gøy at det går så fort, med kjappe trykk og ein slår i portane.

Det fortel Anny Våge Molvær frå Ulsteinvik, som i helga sikra seg ein svært sterk andreplass under ECO-cup i Hemsedal. Då var det nettopp slalåm som stod på programmet, og ungjenta imponerte i sin favorittdisiplin.

Spesielt i den andre omgangen gjekk det fort. Våge Molvær hadde klart raskaste tid i finaleomgangen og køyrde seg opp mange plassar, og heilt opp i ryggen på vinnaren.

Feira med kake

Tysdag var Anny igjen på snø, men denne gongen på Bondalseidet i Ørsta, på trening med Ørsta Alpin. Også denne gongen var det slalåm som stod på programmet og ungjenta dansa mellom portane nedover treningsløypa.

Denne kvelden var det likevel ikkje berre skikøyring som stod på programmet. Med Våge Molvær sin andreplass, samt lagvenninne Mathea Stranden sin førsteplass i storslalåm frå ECO-cup, vart det også ei lita markering for alpinistane i tidtakarbua på Bondalseidet.

Også Våge Molvær var med i storslalåmen, men frå seint startnummer enda ho opp med å køyre ut i den første omgangen.

– Ja, eg datt. Eg trur det var eit slag som gjorde at eg fauk ut, fortel ho.

Rask andreomgang

Då gjorde det godt å få det til å fungere i slalåmkonkurransen søndag.

– Det gjekk veldig fort! Eg køyrde også mykje tidlegare i den andre omgangen enn i første, og då var løypa også litt betre, fortel Våge Molvær, som legg til at ho var veldig godt fornøgd med andreplassen.

Tidlegare var det fleire jenter frå Ulsteinvik som reiste til Ørsta for å vere med i alpingruppa, men no er det berre Våge Molvær igjen.

– Vi var vel åtte på det meste. Av og til blir det litt utfordrande. Dersom eg til dømes skal vekk, så held vennane min på med andre ting.

For som alpinist blir det mykje reising, og ikkje minst om ein er busett på ytre Søre.

– Vi er jo til dømes på trening to eller tre gongar i veka her, og nokre gongar i Hornindal.

I tillegg blir det mange turar til renn rundt om, både lokalt og nasjonalt.

Fokusert

I Hemsedal var det Mathea Stranden og Anny Våge Molvær som leverte dei beste resultata av Ørsta-alpinistane. Dei to har også tidlegare gjort det skarpt i mange konkurransar. Anny er til dømes blitt Vestlandsmeister i slalåm to år på rad, og i 2016 sikra ho seg to gull og eitt sølv på tre konkurransar i Myrkdalen.

– Vi har jo vore saman heilt sidan vi starta eigentleg. Vi har alltid vore gode vennar, bygd kvarandre opp og «pusha» kvarandre, fortel Anny.

Men kva er det som gjer at ungjenta frå Ulsteinvik får det til å svinge så godt i alpinbakken?

– Pappa seier at det har mykje med konkurranseinstinktet mitt å gjere. At eg klarar å fokusere mykje betre når eg står på startstreken, smiler ho.

Norge har produsert mange svært dyktige alpinistar, og det er også nordmenn Anny dreg fram då vi spør om ho har nokre spesielle forbilde.

– Aksel Lund Svindal og Nina Haver-Løseth. Og Kjetil Jansrud!

Men Anny har også ein litt spesiell relasjon til Molde-alpinisten Ragnhild Mowinckel.

– Eg har to skidressar som ho har hatt og det er ganske kult, smiler Anny før ho forsvinn ut att i den våte vinterkvelden for nokre fleire turar i treningsløypa.

Debuterte som "Hødd-alpinist"

– Første gongen ho stilte i eit renn på Bjorli så stilte ho for IL Hødd. Etter det vi vart fortalt var det første gongen det har skjedd, fortel Merete Våge Molvær.

Familien har hytte på Bjorli, og den unge jenta fatta tidleg interesse for å prøve seg som alpinist.

– Ho sat i stolheisen på Bjorli og såg på nokre som køyrde fort i løypa. Det var vel ei trening eller eitt renn. Så spurte ho «når kan eg gjere sånn?».

Dagen etter fekk Anny prøve seg i si første konkurranse med startnummer på magen.

Medan far Geir-Ove Molvær er med som trenar i Ørsta Alpin, følgjer mor til Anny Våge Molvær med frå sidelinja. Det blir likevel mange turar både til Bondalseidet og til treningar og renn rundt om i landet.

Anny spelar også fotball i Hødd, og sidan familien bur like i nærleiken av Høddvoll så er det kort veg til fotballtrening, men ikkje like enkelt når ein skal på ski.

For ei vanleg trening på Bondalseidet tek det gjerne fire timar. Ein time i bil kvar veg, samt dei to timane med trening. Og dersom ein må til Hornindal for å finne snø tek turen endå lenger tid.

– Det var heilt klart enklare då det var fleire frå Ulsteinvik som var med. Siste åra har ho vore åleine, og det merkar ein også litt på motivasjonen, fortel Merete Våge Molvær.

I år har ein difor lagt opp til litt færre treningar og ikkje fullt så mange renn som tidlegare, og Merete fortel at det er heilt opp til Anny kor mykje ein skal halde på.

– Det er ho som styrer det. Så lenge ho har lyst til å drive med dette, så klarar vi å få det til, fortel Våge Molvær.

Markering: Anny Våge Molvær og Mathea Stranden imponerte under ECO-Cup. Foto: Ørsta Alpin.