For då Dimna IL arrangerte Dimna Games for andre gong, serverte Karsten Warholm hovudretten med ei forbetring av sin eigen norske innandørsrekord på 400 meter. Dermed fekk også publikum valuta for inngangsbilletten.

– Det er fantastisk. Det er kjempekjekt! Eg håpar dette er noko som kan halde fram, for det betyr mykje for meg. Det er ikkje berre identitet for meg, men for alle, og ein kjenner at ein er med på å bygge noko. Det betyr litt og det er veldig kjekt at folk kjem for å sjå på. Det er slik vi bygger interesse og med så mykje publikum så framprovoserer ein gode resultat, fortel Warholm, som var svært fornøgd med stemninga i hallen og dei fulle tribunane.

Inga sjølvfølgje

Publikum fekk sjå Warholm klokke inn til 45,88. Tida er 8/100 betre enn tida han vann NM-gull med i Ulsteinhallen i 2017, og det er berre tredje gongen Warholm er under 46 sekund i konkurranse. To av tre gongar har vore i Ulsteinhallen.

– Det er inga sjølvfølgje at ein kan sette ein norsk innandørsrekord her, men når alle er med på å bidra som i dag så blir det steinbra.

– Steingøy

Etter løpet var det ein fullstendig utkøyrt Warholm som gjekk rundt i Ulsteinhallen. Verdsmeisteren på langhekken i 2017 måtte ha ei lang stund på å kome til hektene etter løpet, som var hans første konkurranse i 2018.

– Det var steingøy og veldig spesielt sidan det var første løpet. Du får litt sjokk, og etterpå såg eg kanskje nesten misfornøgd ut, men det var berre fordi eg var så sliten. Eg var steinglad, men måtte ha litt tid for å kome meg på. Det første løpet er eit sjokk for kroppen, men no er det unnagjort og det enda med ein rekord. Det viser for meg at kroppen er der den skal vere, seier Warholm.

Godt teikn

Den gode tida lovar også godt for det som skal skje neste helg. Då er det NM i Bærum Idrettspark og då spørst det om innandørsrekorden til Ulsteinhallen er i fare. Warholm er samstundes klar på at det ikkje er denne perioden på året som er viktigast. Alt arbeidet handlar om det som skal skje når utandørssesongen tek til.

– Vi kjem ikkje rundt det. Friidrett er ein utandørssport. Dette er likevel ei kjempefin gjennomkøyring og det er fint å sjå at sjølv om eg har trent veldig mykje, så har eg prestasjonane i kroppen. Det er ofte eit godt teikn.

Fantastisk opning

Det var ikkje berre Karsten Warholm som var fornøgd etter Dimna Games. Også trenar Leif Olav Alnes kunne smile etter at både Warholm og Amalie Iuel hadde gjort unna sesongdebuten på imponerande vis. Iuel sprang inn til siger og tida 53,35 i Ulsteinhallen. Det er litt bak hennar personlege rekord, men Iuel sjølv var einaste norske kvinne som sprang raskare i heile 2017.

– Det er ei fantastisk opning med rekord på Karsten og eit godt løp av Amalie. Eg synest dette var kjempebra, seier trenaren.

Dimna Games er truleg eitt av få innandørsstemne der ein får sjå Karsten Warholm i år, men gav både Warholm og Iuel ei fin gjennomkøyring før NM.

– Det er eit fint avbrekk der vi kan kjenne litt på at vi er i rute. Vi har sett på trening at det er ting på gang, men det er alltid kjekt å få det ut på denne måten. Det er også kjekt å kome tilbake til lokalsamfunnet og bidra på ein slik måte.

Alnes rosar tilskodarane i Ulsteinhallen, som var med på å heie fram elevane hans til gode tider.

– Med eit så entusiastisk publikum er det absolutt grobotn for å ha eit skikkeleg stemne, seier Alnes.

Trenaren har også mykje godt å seie om Karsten Warholm.

– Han er ein fantastisk fyr på alle moglege måtar.

Bygd vidare på flott grunnlag

Begge to vart heidra under Idrettsgallaen i starten på året, og Warholm har ikkje spart på lovorda når han snakkar om trenaren. Alnes er likevel litt meir beskjeden.

– Ein god trenar er ein som blir tatt bilde av saman med gode utøvarar, smiler han.

Det er samstundes ingen tvil om at ting har gått rette vegen etter at han tok over som trenar. Høgdepunktet så langt er sjølvsagt VM-gullet på 400 meter hekk i London.

– Vi har prøvd å bygge på det flotte grunnlaget han bygde opp gjennom mange år. Han hadde eitt breitt og fornuftig grunnlag, og så prøvar vi å vidareutvikle det. Det har gått veldig bra så langt, seier trenaren.

No handlar det om å ta nye steg, men korleis gjer ein det når utøvaren gjekk heilt til topps allereie som 21-åring.

– Kunsten er å passe på at ein held fram å jobbe med utvikling. Ein kan ikkje byrje med å skulle forsvare ting. Ein må bevare idrettsgleda, bevare nysgjerrigheita og ein må bevare humøret. Ein må framleis kjenne på at ein er ekstremt privilegerte som får drive med noko som er såpass uviktig som dette, samstundes som at ein sjølv synest det er veldig viktig, fortel Alnes.