Det er heile 26 lag som er meldt på til årets 6.-divisjon på Sunnmøre. Dette er noko fleire enn det har brukt å vere, og no har Sunnmøre Fotballkrets lagt fram tre forslag til avdelingsoppsett som klubbane kan uttale seg om.

SFK skriv på sine nettsider at dei har hatt fokus på geografi, styrkeforholdet mellom laga og fordeling av andrelag og tredjelag i oppsetta, men at dei ulike faktorane har forskjellig vekting i dei tre forslaga.

To forslag er basert på tre avdelingar, medan eitt går ut ifrå to avdelingar med 13 lag i kvar.

Det første forslaget går ut på at ein har tre avdelingar og der det blir ei rein Ytre-avdeling med åtte lag. Dermed blir alle laga frå Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven samla i ei avdeling.

Ytre-avdeling utan Hareid 2?

Også det andre forslaget har tre avdelingar, men her er styrkeforholdet mellom laga vekta høgare enn geografi. Det har ført til at Hareid 2 er plassert i Avdeling 2 saman med lag frå både Ørsta, Sula, Giske og Sykkylven. Avdeling 3 liknar meir på ei Ytre-avdeling, men her er også Rollon 2 og Spjelkavik 2 plassert.

Det tredje alternativet er eit todelt avdelingsoppsett med 13 lag i kvar avdeling. Her har SFK lagt opp til ei Søre-avdeling, med lag frå Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven og Ørsta, men også med Langevåg 2 og MSIL frå Sula. Her er det geografi som er vekta høgast, med fordeling av andrelag og tredjelag som nest-viktigast, medan styrkeforholdet mellom laga er vekta lågare.

SFK inviterer klubbane til å uttale seg om desse avdelingsoppsetta, men fristen for å svare er allereie torsdag morgon.