Sist helg arrangerte Dimna IL sjølve ein festkveld for friidrett med Dimna Games. Til helga reiser ein tropp på 10 utøvarar til Bærum for deltaking i innandørs-NM.

To ute med sjukdom

I utgangspunktet skulle troppen ha vore endå større, men ifølgje Arve Hatløy er både Jonas André Ose og Sture Måseide slått ut av influensa. Dei to må i staden sjå fram mot UM i Steinkjerhallen i mars.

– Jonas blei sjuk allereie tysdag, medan Sture vart dårleg torsdag, så dei må dessverre vere heime denne gongen, fortel Arve Hatløy.

Warholm er gullfavoritt

Karsten Warholm var det store trekkplasteret under Dimna Games, og det er sjølvsagt han det er størst forventningar til før NM også. Med norsk innandørsrekord på 400 meter laurdag, stadfesta Warholm favorittstempelet sitt før NM. I Bærum Idrettspark er det i utgangspunktet berre denne distansen Warholm skal springe.

Ådne Andersen viste også brukbare takter i Ulsteinhallen under Dimna Games. 24-åringen fekk det likevel tungt mot slutten av sin 800 meter, etter å ha kome nesten rett frå ei høgdetreningsperiode i Sør Afrika. Håpet er at han skal vere i endå betre slag under NM, der han i hovudsak satsar mot 1500 meteren. I fjor blei det bronse på Andersen, men konkurransen er hard, med mellom anna brørne Jakob og Filip Ingebrigtsen på startstreken. Andersen er også regjerande innandørsmeister på 800 meter og skal etter planen springe denne distansen også i år.

Frå landslagssamling til NM

Dimna IL har også fleire medaljevinnarar frå tidlegare NM på startstreken i Bærum. Fride Møller Flatin skal gå 3000 meter kappgang, medan Toralv Opsal er tilbake i konkurranse. Mangekjemparen er likevel berre meldt på i kulestøyt, der han møter sterke utøvarar som Marcus Gunnarson Thomsen og Sven Martin Nilssen Skagestad.

– Fride er i fin form og har trent bra i det siste. Sist helg var ho på landslagssamling og difor fekk ho ikkje vere med på stemnet i Ulsteinhallen. NM og 3000 meter er litt kort for Fride og det er nok Merethe Helgheim frå Gloppen er nok den største favoritten, men vi trur nok at Fride kan vere med i kampen om medalje, seier Arve Hatløy.

Dimna-trenaren fortel også at det for Toralv Opsal sin del berre blir kule denne gongen sidan mangekjemparen har vore ute med skade heile hausten.

– Han fekk ei rift i ei sene under stortåa, så han har vore ute av ordinær trening heilt fram til no nyleg. Han tek ingen sjansar på løpsøvingar denne gongen, fortel Hatløy.

Det er ein bra tropp frå Dimna IL som reiser til Bærum denne helga, med ei rekkje unge og spanande utøvarar som får prøve seg i NM. Johanne Rise Kvalen sikra seg medalje i juniorklassen i høgde utan tilløp under NM i Ulsteinhallen i fjor. I Bærum deltek ho både i denne øvinga og lengde utan tilløp i juniorklassen, samt i seniorklassen i lengde.

– Det er nok Karsten og kanskje også Johanne som er våre største medaljehåp. Elles er det nok hovudsakleg personlege rekordar som blir målet for resten av gjengen, fortel Hatløy.

Og det er kanskje ikkje så rart, for mange av Dimna-utøvarane er framleis svært unge.

– Vi har mange som ikkje er seniorar endå, så for dei blir dette hovudsakleg ein læringsarena, der vi håpar dei kan få med seg nokre gode opplevingar og at dei får kjenne på at treninga gjennom vinteren har fungert. Vi synest det er greitt at dei får prøve seg i meisterskap og får litt erfaring med nivået, seier Hatløy.

Viser igjen i lengdegropa

Truleg er det ingen av Dimna-utøvarane som når heilt opp i lengdegropa under NM, men Dimna kjem til å vise igjen. Med både Renate Grimstad, Johanne Rise Kvalen, Anna Kleven, Kornelia Roppen og Caroline Sætre registrert til konkurransen er Dimna den klart største klubben i denne øvinga.

– Det har blitt ei stor øving for oss, der vi har mange som er gode og som vil markere seg, fortel Hatløy.

Spent på korleis det går med Dimna-utøvarane i NM? Vi følgjer det som skjer i løpet av helga her på Vikebladet.no.

Slått ut før NM: Både Jonas André Ose og Sture Måseide skulle til NM, men må halde seg heime på grunn av sjukdom. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes