I 2017 blei det berre tre lengdekonkurranser utandørs, samt deltaking i lengde uten tilløp under innandørs-NM i Ulsteinhallen på Renate Grimstad. Sist ho deltok i ei løpsøving i konkurranse var under innandørs-NM i Bærum i 2016.

Laurdag var ho tilbake i same hallen og tilbake på ei løpsøving, under forsøket på 60 meter.

- Eg har egentlig ikkje sprunge 60 meter i det heile tatt siste åra. Ikkje sidan eg blei skadd her, fortel Grimstad.

Difor synest ho det var kjekt å vere med i konkurranse igjen, sjølv om tida 8,42 var eit godt stykke bak hennar personlege rekord. Under NM for to år sidan var ho såpass rask som 7,86.

- Eg merkar at det er uvant for kroppen. Eg vart pinnestiv så snart eg tok eit skikkeleg drag, fortel Grimstad.

Etter såpass langt skadeavbrekk er ikkje det så unaturleg.

- Nei, no handlar det meir om at eg må få trent meir, få meir mengde.

I NM skal Grimstad også delta i lengdekonkurransen, der også fleire Dimna-utøvararar skal i aksjon. I tillegg er ho aktuell for laget som skal springe 4x200 meter stafett søndag.

- Det blir mest sannsynlig stafett. Så sant føtene går framover, ler Grimstad.

Det var nemleg litt av problemet på 60 meter.

- Starten var grei, men føtene gjekk ikkje. Når det berre er 60 meter så då må det fungere heile vegen. Det har nok litt med manglande grunnlag å gjere, og at det blir litt sjokk for kroppen at det plutseleg skal gå fort igjen, fortel Grimstad.

No handlar det om å gjere seg klar til lengdekonkurransen. Den startar med kvalifisering søndag føremiddag.

- Der handlar det om å treffe planken. På trening har det gått ganske langt når eg treffer planken, men i konkurranse har eg slite litt meir, fortel Dimna-utøvaren.