Ådne Andersen gjorde det han kunne for å sikre eit mest mogleg spanande løp på 1500 meter under NM i Rudhallen.

Andersen var einaste løparen som torte å svare på det høge tempoet Jakob Ingebrigtsen sette frå start, og Dimna-utøvaren var i ryggen på Ingebrigtsen gjennom store deler av løpet. Mot slutten vart det likevel litt for tungt, for Andersen som måtte sleppe Ingebrigtsen og til slutt vart tatt igjen av feltet som kom bakfrå. Med eit krafttak på slutten klarte likevel Andersen å svare på dei fleste angrepa bakfrå, og sjølv om sølvet glapp på slutten så sikra han seg sølv for andre året på rad.

Blir ikkje god utan å satse

Likevel var ikkje Andersen heilt fornøgd med resultatet like etter målgang.

- Eg er eigentleg mykje raskare enn han, og hadde eg blitt liggande i ryggen så kunne eg tatt han, men ein blir ikkje god berre berre av å prøve utan å satse noko.

Og Andersen satsa. Kanskje kosta det litt for mykje å henge med Ingebrigtsen så lenge som han gjorde, men innsatsen Andersen la ned var likevel lite å seie på.

- Hadde det vore utandørs så hadde eg kanskje "safa" litt meir. Eg opna i 3,42 tempo. Det er åtte sekund betre enn innandørspersen min. Eg var nesten overraska over at eg klarte å henge med såpass godt. Eg visste forma var god, men kanskje ikkje så god, seier Andersen, som fekk klart svar på at treninga den siste tida har fungert.

Tida til Andersen var 3.49,29.

Eit kjempeløp

Dimna-trenar Arve Hatløy lot seg imponere over løpet til Andersen, men kunne også forstå at løparen var litt irritert på seg sjølv etter løpet.

- Det var eit flott løp. Kanskje var han litt offensiv i starten, slik at det blei litt tungt på slutten. Hadde han tatt det litt rolegare på to første rundane så hadde han nok kome inn eit sekund eller to betre, men det er eit kjempeløp, fortel Hatløy.

Ein ting var at Andersen prøvde å holde følge med Ingebrigtsen frå start, men han måtte også finne fram kjempekreftene for å sikre medalje på slutten.

- Han klarar å svare siste 100 metrane og viser at han er i bra form. Han er like bak utepersen sin og det er veldig bra løp. Han har lov å vere litt skuffa akkurat no, men han gjer eit kjempeløp, slår Hatløy fast.