Merete Helgheim var det som venta lite å gjere med på 3000 meter kappgang under NM i Bærum Idrettspark. Dermed var det kampen om sølv og bronse som blei mest interessant søndag. Og der blanda Fride Møller Flatin frå Dimna IL seg inn.

Ikkje dei store forventningane

Til slutt enda ho på bronseplassen, medan Siri Gamst Glittenberg frå Laksevåg TIL tok sølvet.

- Eg synest det gjekk ganske greitt i dag og eg fekk jo testa meg litt. Eg hadde ikkje dei store forventningane på førehand, så eg synest det gjekk greitt, fortel Møller Flatin til Vikebladet Vestposten.

Med ei runde igjen av NM-kappgangen var ho på veg til å ta inn Gamst Glittenberg, men på sisterunda hadde jenta frå Laksevåg hakket meir å gå med.

- Eg såg ei lita moglegheit og tenkte eg skulle prøve å ta andreplassen, men det heldt ikkje heilt inn. Eg er likevel godt fornøgd med bronse i dag. Det var bra nok, fortel Møller Flatin.

Vil bli god på lengre distansar

Søndag gjekk ho inn til 15.21,93 på 3000 meteren. Tidlegare har ho vore ein del raskare, men for tida konsentrerer Møller Flatin seg om lengre distansar og det har ikkje blitt like mykje fartstrening. I tillegg var Dimna-jenta ein del skadd sist sesong.

- Det er dei lengre distansane eg fokuserer på no, med 20 kilometer. Dette blir litt som ein sprint i forhold og det blir noko heilt anna. Eg trente litt fart i veka før, men det var berre for å forberede med til denne konkurransen. Det er lengre distansar eg vil bli god på, så då er det også det eg trenar mot, fortel ho.

For tida studerer Dimna-utøvaren på Lillehammer. Dermed får ho også ein litt annleis treningskvardag enn den ho hadde medan ho budde i Ulsteinvik.

- No skjer all treninga på eige initiativ. Det fungerer greitt, sjølv om det er litt tyngre å motivere seg, men eg kjenner meg sjølvdisiplinert og gjer det eg skal, seier Møller Flatin.

Bronsemedaljen frå NM er same resultatet som ho enda med under NM i Ulsteinhallen i 2017.