Karsten Warhom er naturleg nok det største namnet i Dimna-troppen under innandørs-NM. Samstundes stiller Dimna IL ein stor tropp, og der Warholm er som ein veteran å rekne, er det nokre som debuterer i senior-NM denne gongen.

Det gjeld både Kornelia Roppen og Anna Garnes Kleven, medan Caroline Amalie Sætre også fekk prøve seg på senior-NM i 2017.

Sætre kom til Dimna IL frå Fiska IL før denne sesongen, men har allereie både trent og konkurrert saman med Dimna-utøvarane ei god stund. Under NM har ho mellom anna forbetra persen sin på 400 meter med nesten eitt sekund, og søndag sikra ho seg plass i lengdefinalen.

Veldig gøy

Anna Kleven var berre nokre få centimeter frå å ta seg til lengdefinalen, men denne gongen gjekk det dessverre ikkje for debutanten. Både ho og Kornelia Roppen får nye sjansar under lengde uten tilløp. Og for debutantane var det uansett ikkje medaljar som var målet med deltaking i senior-NM.

- Dette har vore veldig gøy, vi får ein del meir konkurranse her enn på andre stemne, fortel Anna Kleven.

Haustar erfaring

- Vi går ikkje akkurat for å vinne alle øvingane vi stiller opp i, men det er gøy å få prøve å konkurrere mot dei som er flinkast. Det er også litt annleis i eit NM, både med oppvarming og korleis ein skal gjere ting. Det er greitt å få litt erfaring, legg Kornelia Roppen til.

Dei tre jentene fortel at største forskjellen på eit NM og på aldersbestemte meisterskap som dei er vane med å delta i er det høge nivået på deltakarane.

Medan dei to andre gjer seg klare til lengde uten tilløp, skal Caroline Amalie Sætre delta i finalen i lengdekonkurransen.

- Det er veldig kjekt å gå vidare, når ein veit kor høgt nivået er. Eg skal berre prøve å perse, det er det eg vil. Gjere mitt beste, seier Sætre.

Ho har ein personleg rekord på 5,59, og nådde ikkje heilt opp dit i kvalifiseringa.

- Eg var eit stykke bak, men eg satsar på å få ut alt i finalen!, seier Sætre.

Satsar mot medaljer under UM

For dei yngste Dimna-utøvarane er det UM som er det naturlege målet innandørs. Det meisterskapet går i mars, og det er tydleg at utøvarane ser fram til UM.

- Det blir gøy! Det er veldig kjekt med UM, slår jentene fast.

- Det er jo meir vårt nivå, og der har vi større sjansar til å ta medaljar og det blir også målet der, å jakte medaljar, fortel dei tre.

Og på vegen dit sikrar erfaringa frå senior-NM at dei kanskje er endå klarare for det som skal skje under UM.

- Her blir ein veldig nervøs, og ein lærer å roe seg ned før ein skal starte. Det er greitt å få med seg før UM, at ein har vore med på noko som er endå større. Då blir det litt lettare å konsentrere seg, trur jentene.

Godt miljø

Under lengdekvalifiseringa var det ein solid Dimna-gjeng som prøvde å ta seg vidare til finalen. Totalt fem frå Dimna var med, og Roppen, Sætre og Kleven rosar det gode miljøet i Dimna.

- Vi har ganske mange i klubben som kan vere med på eit NM. Det er ikkje alle klubbane som kan stille med ei så stor gruppe. Vi er også ein veldig samansveisa gjeng, så om det ikkje går bra med nokre, så er vi der alltid for å heie på kvarandre. Ein veit alltid at ein har nokon der som støttar ein. Og så har vi det alltid veldig kjekt på hotellet! Og det hjelper også på, fortel dei tre.