Anny Våge Molvær frå Ørsta Alpin var raskast i begge omgangane under KM-rennet i slalåm på Tusten i Molde søndag. Både i den første og den andre omgangen var Våge Molvær om lag seks sekund raskare enn neste jente, og det blei difor ein komfortabel siger i klassa for jenter U14.

Aurora Stokkereit frå Stranda tok andreplassen, medan Ariana Rebbestad frå Ørsta sikra den siste pallplassen.

Også best i storslalåm

Laurdag var det storslalåm som stod på programmet på Tusten, og Anny Våge Molvær sikra seg førsteplassen også her.

Etter den første omgangen var det tett mellom jenta frå Ulsteinvik og Solveig Grønningsæter frå Tomrefjord IL, men i den andre omgangen var ingen i nærleiken av tida til Våge Molvær.