Tre lokale lag i årets sjuarseriar

Påmeldinga til sjuarserien for menn og kvinner på Sunnmøre er klar.

Jomsvoll: Hjørungavåg IL er eitt av 13 herrelag som er meldt på i sjuarserien i fotball denne sesongen. Flø er det andre laget frå Hareidlandet i herreklassen, medan Haddal stiller lag i kvinneklassen. 

Sport

Sunnmøre Fotballkrets skriv måndag på sine nettsider at det totalt er meldt på 21 sjuarlag i seniorklassene for menn og kvinner. 13 av desse i herreklassen og åtte i kvinneklassen.

I sjuarserien for kvinner er Guard, Haddal, HaNo, Larsnes, SIF/Hessa, Spjelkavik, Volda og Ørskog meldt på.

I fjor var det ikkje meldt på lag i sjuarserien frå Ulstein eller Hareid, etter at både Hasundgot og Hareid stilte i 2016. No ser det ut til at vi får ein lokal representant igjen i sjuarserien då Haddal har med lag for første gong sidan 2009.

Haddal IL prøvde også å stable på beina eit seniorlag for herrar denne sesongen, men det har ikkje enda med påmelding til sjuarserien.

Frå Ulstein kommune er Flø meldt på, medan Hjørungavåg IL representerer Hareid kommune. Dei får mellom anna selskap av Bergsøy og Moltustranda.

Avdelingsoppsettet for sjuarseriane blir truleg klart om kort tid. I 2017 var det 11 lag i herreklassen og desse vart delt på to avdelingar.