Tok seg vidare i NM-kvalifiseringa

Hødd sitt J16-lag vann 5-1 over Aksla.

Hødd sitt J16-lag sikra seg avansement i NM-kvalifiseringa etter 5-1 siger over Aksla tysdag kveld. No ventar Clausenengen FK i Kristiansund allereie laurdag.  Foto: Anja Elise Steinnes Ertesvåg

Sport

Tysdag kveld spelte Hødd sitt J16-lag mot Aksla om å bli tredje sunnmørslaget som tok seg vidare i kvalifiseringa til årets NM for J16-lag. Herd og Blindheim var allereie vidare som gruppevinnarar, og dermed stod det mellom gruppetoarane om den siste plassen frå Sunnmøre.

Hødd lét seg ikkje stoppe av skarpe minusgrader og fekk ein knallstart heime på kunstgrasbana på Høddvoll. Det tok berre fem minutt før Anna Tødenes sette inn kampens første mål. Fire minutt seinare dobla same jente leiinga, men også Aksla ville vere med på leiken og reduserte ved Guro Steinsvåg Sætre etter 12 minutt.

Den første omgangen vart svært innhaldsrik og før pause hadde heimelaget auka leiinga to gongar. Thea Elise Ertesvåg la på til 3-1 etter 28 minutt og ho stod også for 4-1 fem minutt seinare. Dermed tremålsleiing til pause for Hødd.

Ertesvåg var heller ikkje ferdig for kvelden og åtte minutt før full tid fastsette ho sluttresultatet til 5-1. Ein solid siger til Hødd-jentene, som dermed sikrar seg ny kamp i NM-kvalifiseringa.

Den går allereie laurdag og då skal Hødd til Kristiansund for å møte Clausenengen FK. Det skal også spelast to andre kampar mellom lag frå Sunnmøre Fotballkrets og Nordmøre og Romsdal Fotballkrets. Her møtest Herd og Molde på Moa, medan Blindheim tek imot Langfjorden.

Også Hødd sitt G16-lag spelar NM-kvalifisering til helga. Dei skal på langtur til Trøndelag for å møte Strindheim.

Hødd stilte denne troppen til kampen:

Nathalie Erina Lape Aasemyr, Lina Øvrelid Solås, Mathea Eikrem Flatin, Louise Goksøyr Ulstein, Frøya Mork Kvalsund, Bertine Køso, Helena Hasund, Johanne Helvig, Thea Svoren, Lina Dorthea Solheim Stave, Bertine Ringstad, Linnea Brevik Nesse, Thea Elise Ertesvåg, Emilia Fagerheim, Anna Tødenes, Camilla Meinseth, Lisa Skotheim, Silje Høstland