Kan bli månadens utøvar for andre gong i år

Karsten Warholm er nominert til månadens mannlege utøvar i Europa for sine prestasjonar i februar.

Karsten Warholm etter rekordløpet sitt under NM i Bærum. No kan Warholm bli månadens mannlege utøvar i Europa for februar.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

I januar gjekk Warholm til topps i kåringa etter å ha sesongopna med norsk rekord på 400 meter under Dimna Games i Ulsteinhallen.


Karsten Warholm:

Månadens utøvar i Europa

Karsten Warholm blei stemt fram som månadens friidrettsutøvar i Europa i januar.

 

No har Dimna-utøvaren, som fylte 22 år onsdag, blitt nominert til same pris også for februar.


Fem på rad for Karsten

Tangerte den nordiske rekorden på 400 meter innandørs. Men Warholm vil endå meir.

 

Og denne gongen stiller han kanskje endå sterkare. Ikkje berre forbetra han sin eigen norske rekord på 400 meter under NM i Bærum. Ei veke seinare sette han også verdsbestenotering, eller uoffisiell verdensrekord, på 300 meter hekk i Tampere i Finland. Februar var med andre ord ein bra månad for Warholm.


Karsten sette ny verdsrekord:

- No eig eg rekorden heilt åleine

Karsten Warholm var suveren i Tampere, og sette ny verdsrekord på 300 meter hekk innandørs.



Tidenes raskaste på 300 meter hekk:

- Ein skal aldri gå heilt av skaftet

Etter opphaldet i Finland går turen tilbake til Oslo søndag, der dei vidare førebuingane framfor utandørssesongen står for tur.

 

Det er fem nominerte i kåringa og Warholm får konkurranse frå polske Adam Kszczot som vann alle dei seks 800 meter-løpa han stilte på i februar. Franskmannen Renaud Lavillenie har også imponert og tangerte årsbeste i verda i stav med 5,93.

Årsbeste i verda har også Tomas Stanek frå Tsjekkia. Kulestøytaren fekk opp heile 22,17 meter under eit stemne i Düsseldorf. Og medan Stanek støytte langt, sprang Julien Wanders frå Sveits både langt og raskt. Han sette sveitsisk rekord og europeisk U23-rekord på halvmaraton i Barcelona med tida 60,09.

Det er med andre ord tøffe konkurrentar for Warholm, men med bestetid i Europa på 400 meter og verdsbestenoteringa på 300 meter hekk så blir han heilt sikkert å rekne med. Kåringa blir gjennomført ved ei røysting på det europeiske friidrettsforbundet sine facebook-sider.