Kan sikre avdelingssigeren i helga

5.-divisjon handball: Med kamp både laurdag og søndag kan Hareid sikre seg avdelingssigeren.

5.-divisjon: I helga kan Hareid sikre seg førsteplassen i si 5.-divisjonsavdeling. Med to sigrar på dei to kampane vil Hareid garantere førsteplassen i avdelinga, men Hareid vil også klare seg med to sigrar på sine tre siste kampar.  Foto: Jon-Arild Vatne

Sport

Hareid-damene har hatt ein god sesong i 5.-divisjon og skal no inn i si nest-siste kamphelg.

Laurdag reiser laget til Gomerhuset i Skodje for å møte botnlaget Skodje IL og med poeng der vil Hareid ta over tabelltoppen frå Mauseidvåg/Solevåg.

Før helga står Hareid og laget frå Sula med like mange poeng, men Mauseidvåg/Solevåg har litt betre målforskjell. Samstundes har dei også spelt to kampar meir enn Hareid, og Hareid-damene har dermed alt i eigne hender før sine tre siste kampar.

Søndag kjem Mauseidvåg/Solevåg til Hareidhallen for sin siste kamp denne sesongen. Einaste moglegheita til å ta frå Hareid avdelingssigeren er at Mauseidvåg/Solevåg vinn denne kampen, samt at Hareid må tape minst ein av dei to andre kampane laget har igjen.

Samstundes er Mauseidvåg/Solevåg det einaste laget som har tatt poeng mot Hareid denne sesongen. I desember enda det nemleg 27–27 då laga møttest i Solevåghallen.