Hødd G16:

Gjekk vidare til tredje runde i NM

Hødd sine gutespelarar banka til med ein solid siger borte mot Strindheim.

Ein blid gjeng kunne konstatere at dei er vidare til tredje runde i NM.   Foto: Privat.

Sport

Hødd skriv på Facebook-sida si at G16-laget lukkast i å kvalifisere seg for tredje runde i norgesmeisterskapet i fotball, etter å ha slått Strindheim 4-2 på bortebane laurdag ettermiddag.

Målskorarane for Hødd var Marcus Dimmen gonger to, medan Iver Skeide og Andreas Fjørtoft putta dei to andre.

Det blir dermed høgst truleg duka for heimekamp på Høddvoll i neste NM-runde. Dette blir også siste regionale runde før det går over i nasjonale rundar.

- Det var ein litt rar kamp, med veldig varierande prestasjonar av oss. Vi var gode i periodar, men i andre periodar laga vi rett og slett litt problem for oss sjølve. Men, gutane jobba hardt, og vi gjekk vidare til slutt. Det var eit godt resultat, som ein kan sjå på stillinga til slutt, seier Thomas "Tom" Malins, trenaren til G16-laget, på telefon til lokalavisa på veg heim frå Trøndelag.

Jentene ute

Hødd sitt J16-lag spelte ein tøff NM-kamp borte mot Clausenengen laurdag ettermiddag, men diverre blei det med eit tap.

Det enda til slutt med 4-1 til heimelaget i Kristiansund. Målet til Hødd blei scora av Lisa Skotheim i det 24 speleminutt.

- Clausenengen scora diverre etter berre nokre få sekund, men vi utlikna. Men så scora dei igjen, og fekk ein viss kontroll på kampen. Vi skal uansett vere nøgde med innsatsen, seier trenar André Skotheim til Vikebladet Vestposten.