2.-divisjon blir ingen leik

Hødd-våpen: Dette kan bli eit godt Hødd-våpen. Eirik Haugan headar mot Brattvåg-målet etter at Daniel Eid har kasta inn frå sidelinja og Steffen Moltu har stussa ballen vidare. Foto: LAG  Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

Tippeselskapet Betsson har tippa Hødd på 4.-plass i årets 2.-divisjon. Det vil seie at dei ikkje trur at laget vil vere i stand til å kjempe om opprykk til nest øvste nivå – der Hødd har hatt sitt naturlege tilhald.

Treningskampane så langt i år har ikkje reist nokon tvil ved dette Betsson-tipset. Og det kan vere like bra for Hødd, som dermed kan senke skuldrene.