4.-plass i mangekamp-NM

Men vegen opp til medalje var svært kort for Caroline Amalie Sætre frå Dimna IL.

Caroline Amalie Sætre, her under NM i Bærum, tok fjerdeplassen i J17-klassa under mangekamp-NM i Sandnes.  

Sport

Laurdag og søndag vart NM og UM i mangekamp arrangert i Sandneshallen. Dimna IL var representert ved Fiskå-jenta Caroline Amalie Sætre i J17-klassa.

I 5-kampen vart det svært tett i toppen og Sætre fekk ein god start, med tredje beste tid på 60 meter hekk. 9,30 var litt bak vinnartida og litt bak hennar personlege rekord, men sikra Sætre 848 poeng. I høgdekonkurransen vart det litt lenger opp til dei aller beste. Sætre hadde eit riv både på 1.35 og 1.38, men gjekk over 1,41, 1.44 og 1.47 på første forsøk. Det var ei forbetring av "persen" med to centimeter, men så sa det stopp. På 1.50 blei det tre riv og Sætre enda på ein femteplass med 588 poeng.

Femteplass blei det også i kulestøyt, der Sætre støytte 10,60 meter i første forsøk. Her var det temmeleg tett mellom deltakarane, med unntak av Birthe Franck-Petersen frå Ålesund som fekk opp heile 12,60.

I lengde har Sætre ein såpass god "pers" som 5,59. Fullt så langt gjekk det ikkje i Sandnes, men med 5,24 sikra ho andreplassen i denne deløvinga og 626 poeng.

600 meter var siste øving på programmet i 5-kampen. Også her sikra Sætre seg ein andreplass, no med tida 1.41,05. Det gav 790 poeng, men dessverre for Dimna-utøvaren vart det ikkje nok til å snike seg opp på pallen. Med sine 3421 poeng var Sætre 40 poeng bak tredjeplassen, 55 poeng bak sølvet og under hundre poeng bak vinnaren Ingrid Pernille Rismark frå Sturla. Ho vann med 3513 poeng.