Siger og to andreplassar

Anny Våge Molvær køyrde fort under Erik Håker Cup i Oppdal.

God køyring: Anny Våge Molvær sikra seg førsteplassen i storslalåm og to andreplassar i Super G under Erik Håker Cup.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Laurdag og søndag vart Erik Håker Cup arrangert i Oppdal, og fleire utøvarar frå Sunnmøre var i aksjon.

Mellom dei var Anny Våge Molvær, som leverte nokre sterke prestasjonar både i fartsdisiplin og meir tekniske øvingar.

Laurdag vart det arrangert to Super G-renn, og Våge Molvær sikra seg andreplassen i begge. I det andre løpet vart det svært tett, og Våge Molvær var berre 0,03 sekund bak Aurora Stokkereit frå Stranda IL.

Så tett blei det ikkje i storslalåmen søndag. Då var nemleg Våge Molvær klart best i begge omgangane, og vann til slutt med over fire sekund ned til Stokkereit.