Slik blir sjuarseriane

Ei avdeling for kvinnene og to for herrane.

Haddal har lag i sjuarserien for kvinner denne sesongen.   Foto: Arkiv

Sport

Sunnmøre fotballkrets har publisert avdelingsoppsettet for sjuarseriane senior på Sunnmøre.

Med åtte påmeldte kvinnelag er alle blitt samla i ei avdeling. Den ser slik ut:

Guard, Haddal, HaNo, Larsnes, SIF/Hessa, Spjelkavik, Volda, Ørskog.

På herresida var det noko fleire lag, så her er det lagt opp til to avdelingar. Her har SFK også laga ei "Søre-avdeling" med Bergsøy, Flø, Hjørungavåg og Moltustranda, pluss Sula-laget Fiskerstrand. Her er det lagt opp til trippel serie.

I den andre avdelinga er det åtte lag og her blir det spelt dobbel serie. Laga i avdeling 2 er:

Emblem, HaNo, Herd 3, NEG, Norborg, Stranda, Sunnylven, Valldal.