UM innandørs:

Tre Dimna-medaljar første dag

Sølv på korthekken og to bronsemedaljar i kappgang.

Jonas André Ose sikra Dimna IL si første medalje under UM i Steinkjer. 

Sport

Jonas André Ose sikra Dimna IL si første medalje då han tok andreplassen på 60 emter hekk i G16-klassa fredag. Med tida 8,88 var han 15/100 bak vinnaren Sander Aae Skotheim frå IL Koll.

Laurdag står 60 meter på programmet, og Ose tok seg lett vidare til finalen som vinnar av sitt heat. Ose leverte 7,40 på distansen, litt bak "persen" på 7,04, men uansett trygt vidare med tredje beste tid totalt.

Fredag vart det ogs gjennomført 1500 meter kappgang i Steinkjerhallen, og der sikra to av Dimna-utøvarane seg bronse. Henrikke Antonsen tok bronse i J15-klassa, medan Oline Rise Kvalen tok tredjeplassen i J16-klassa.