Dimna-utøvarane avslutta med stil

Det vart ein god sistedag for Dimna IL under UM i Steinkjer.

Jonas André Ose tok gull på 200 meter, etter sølv på 60 meter og 60 meter hekk.   Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

Sport

Jonas André Ose sikra gull på 200 meter i G16 klassa med tida 22,96. Gull blei det også på Sander Ringstad Kanestrøm i kule i U23-klassa, medan Iver Saunes Moldskred tok sølv i kule i G18/19-klassa.

Ifølgje trenar Arve Hatløy var det likevel stafettane som gav dei mest gledelege overraskingane for Dimna-troppen.

Dimna-jentene stilte i den eldste klassa på stafetten, sjølv om berre Johanne Rise Kvalen var for gammal for klassa under.

– Jentene overgjekk seg sjølve og sprang inn til andreplass, berre knipent slått av Selsbakk, fortel trenar Arve Hatløy.

På stafettlaget for jentene stilte Anna Garnes Kleven, Caroline Sætre, Kornelia Roppen og Johanne Rise Kvalen.

Også gutane stilte i den eldste klassa. Også her stilte Dimna IL med to som kunne stilt i den yngste klassa, og som på jentestafetten blei det medalje også her. Gutane sprang inn til bronse.

Jonas André Ose, Eivind Andreas Teige Grov, Sander Kanestrøm og Iver Moldskred var med på å sikre bronse for gutane.

Dimna IL enda dermed UM med 11 medaljar, der to var av edlaste valør.