Knallstart for Aursnes og Molde

22-åringen frå Hareid med straffescoring og målgjevande pasning i sesongens første seriekamp.

Fredrik Aursnes scora det første og la opp til det andre målet då Molde opna sesongen med 5-0 siger over Sandefjord.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fredrik Aursnes gav Molde leiinga frå straffemerket etter 24 minutt i serieopninga mot Sandefjord. Det var Aursnes sitt femte mål for Molde etter overgangen for Hødd.

Aursnes var også involvert då Molde gjekk opp til 2-0 12 minutt seinare. Aursnes brukte ei ballberøring på å sende Fredrik Brustad på løp mot Sandefjord-målet, og Brustad gjorde ingen feil då han sette inn kampens andre scoring. 2-0 var også stillinga ved pause.

I den andre omgangen scora Molde tre gongar til. Fredrik Aursnes vart erstatta av Tobias Svendsen etter 66 minutt. Då hadde Molde akkurat lagt på til 5-0.