Solid "pers" for Olger Pedersen

Olger Pedersen sprang inn til personleg rekord under CPC Loop Den Haag halvmaraton. Tida til Pedersen vart 1:11:38.   Foto: Arkiv

Sport

Dimna IL skriv søndag på sine facebooksider at Olger Pedersen, som representerer klubben, forbetra både eigen personleg rekord og samstundes klubbrekorden på halvmaraton med tre minutt.

Det var under CPC Loop Den Haag halvmaraton at Pedersen sprang inn til 1:11:38. Han var 12 minutt bak vinnaren James Rungaru frå Kenya. Tida til Pedersen var den 65. raskaste i feltet.