Håvard Haanes har valt å fratre frå vervet som styreleiar i Hødd Fotball. Det melder Hødd i ei pressemelding onsdag føremiddag.

Dei øvrige medlemmane i styret vil halde fram i verva sine, og ser fram til å halde fram arbeidet i den retninga som er fastlagd.

Styret i Hødd Fotball beklagar at Håvard Haanes fråtrer, men har respekt og forståing for avgjersla. Styret vil til slutt takke Haanes for den innsatsen han har lagt ned for klubben i vervet som styreleiar.

Det er ikkje klart kven som tek over som styreleiar, men ifølgje dagleg leiar i Hødd, Oddmund Otterlei, er det naturleg å tru at nestleiar Jogeir Romestrand tek over leiarvervet inntil vidare.

Vikebladet Vestposten har førebels ikkje lukkast i å få tak i Håvard Haanes for ein kommentar.