Onsdag signerte Sparebanken Møre ved Melinda Skeide og Daniel Slettebakk frå Hareidlandet Triatlon på ein toårig samarbeidsavtale. Det gir gruppa meir føreseielege økonomiske rammer, og aukar moglegheitene for å legge litt meir langsiktige planar.

– Ein fantastisk jobb

Gruppa står mellom anna bak triatlonen ”Hareidsdølen” som vart arrangert for første gong i 2017.

– Vi synest desse karane gjer ein fantastisk jobb. Sparebanken Møre samarbeidde også litt med dei i fjor, og det var veldig positivt, så no har vi valt å inngå ein samarbeidsavtale for i år og neste år, fortel Melinda Skeide, banksjef i Sparebanken Møre Hareid.

– Dette gjer det tryggare for oss, i staden for at vi er usikre på kva vi har eller kan få inn, så kan vi planlegge mykje meir, fortel Daniel Slettebakk i Hareidlandet Triatlon.

Gjengen som no er Hareidlandet Triatlon har sitt utspring frå drifta av symjehallen på Hareid. I tillegg har gruppa halde symjekurs for barn, samt at dei stod bak «Hareidsdølen»-triatlon.

– Vi har fått nokre kommentarar på om det er «Hareidsdølen» eller Hareidlandet Triatlon, men «Hareidsdølen» er eit arrangement. Hareidlandet Triatlon er gruppa som arrangerer det, og vi har også lyst til å gjere andre ting, fortel Slettebakk.

Sparebanken Møre var også inne med støtte til første utgåva av «Hareidsdølen» og Melinda Skeide rosar tiltaket.

– Slik eg opplevde det var det ein gedigen suksess, med veldig mykje folk og stor aktivitet, fortel ho.

Og det fekk ein til sjølv om arrangementet enda på ein dag då det også var mykje anna aktivitet både i Ulstein og Hareid.

– Det var veldig mange som kom og utruleg kjekt for heile familien. Då såg vi at dette var eit konsept som vi berre måtte ta vidare, fortel Slettebakk.

Fullteikna på fire dagar

Årets utgåve hadde plass til 75 deltakarar og vart fullteikna i løpet av berre fire dagar.

– Vi la ut påmeldinga 1. januar. I løpet av fire dagar var alle startnummera reservert. Det er eit godt teikn. At folk allereie i januar melder seg på til noko som skal skje i september, seier Slettebakk.

– Då har de gjort ein god jobb i fjor, skyt Melinda Skeide inn.

Slettebakk legg til at dette gjeld for dei som er 16 år og eldre. For barn er det mogleg å melde seg på heilt fram til 24. august. Og der er det ikkje tak på talet på deltakarar.

Det at årets utgåve av «Hareidsdølen» vart så populær gjer at arrangørane ikkje treng om å bruke mykje tid på å finne deltakarar. I staden kan dei bruke tida på å tilby deltakarane trening.

– Vi har hatt crawlekurs for vaksne, med instruktør frå kretsen. Laurdagane har vi hatt ein time fast saman med Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS), der vi leiger Ulsteinbadet slik at ein får symje i litt lenger basseng, fortel Slettebakk.

Han legg til at ein på denne måten både kan førebu seg på «Hareidsdølen», men at ein også får ta del i det sosiale med å trene saman.

– Når det blir betre vêr ute så kjem vi også til å ha treningsdagar med triatlonspesifikke treningsøkter, både symjing, sykling og løp. I tillegg har vi planar om ein våtdraktdemo i samarbeid med 2XU.

Og nettopp aktiviteten er viktig for Hareidlandet Triatlon. At det skjer noko.

– Det er også noko av det som er viktig for oss i Sparebanken Møre. At det blir skapt aktivitet og kanskje noko litt annleis enn det ein får i dei andre organisasjonane vi støttar. Dette er eit supplement og det femnar heile familien, noko som vi set pris på, fortel Melinda Skeide.

Fleire aktivitetar

Hareidlandet Triatlon har mottoet «Samhald, meistring og begeistring».

– Det er det vi prøvar å spele på. At ein gjer noko saman, at ein må utfordre seg litt, men når ein får det til så kjenner ein på begeistringa, seier Slettebakk.

Og då handlar det ikkje berre om triatlon. Dei har også andre jarn i elden.

– Vi har mellom anna SnipSnapSwim – å symje Snipsøyrvatnet på langs. Vi var åtte stykke som gjorde det i fjor som ein test. I år har vi lyst å sjå om vi kan få til det som eit arrangement, men der er det framleis litt som må på plass.

I tillegg ønskjer Hareidlandet Triatlon å arrangere vinterturar til fjells for heile familien.

– Vi har lyst å gjere det på vinteren, når det er litt mørkt. Det treng ikkje om å vere snø, men at ein kjem seg litt opp i høgda når det er mørkt og får sett litt meir på lyset. Der har vi ein del planar om korleis vi ønskjer å gjere det, fortel Slettebakk.

Han legg til at Hareidlandet Triatlon ønskjer å vere ein bidragsytar til at det blir skapt aktivitet på heile Hareidlandet. Der kjem støtta frå Sparebanken Møre godt med.

– Det gir oss mykje meir føreseielegheit. Vi kan tore å planlegge mykje meir enn vi kunne dersom vi måtte basere oss berre på betaling for dei som skal delta, fortel Daniel Slettebakk.

– For oss er det eit poeng å vere med på å støtte opp under det positive som skjer på Hareid, og støtte dei som brukar av fritida si til å skape noko positivt for andre. Det er kjempeviktig å bidra til at dei kjem seg litt lettare fram, avsluttar Melinda Skeide.

Hareidsdølen: Sparebanken Møre var også med som samarbeidspartnar då Hareidlandet Triatlon arrangerte første utgåva av «Hareidsdølen Triatlon» i 2017. Foto: Ragnhild Vartdal