Team Søre til topps

Det vart ein svært vellukka Bergenstur for Team Søre. I helga vann laget ITEC 2018-turneringa.

Vann i Bergen: Team Søre-laget som gjekk heilt til topps under. ITEC 2018 i Bergen. 

Sport

Team Søre reiste til Bergen med spelarar frå Bergsøy, Ørsta, Hareid, Hødd og Volda for å delta på Importgruppen Tertnes elite cup.

Der fekk laget bryne seg på både norsk og engelsk motstand, og sunnmøringane takla begge deler på framifrå vis.

I gruppespelet vart både Tertnes, Sheffield United og Minde slått, noko som sikra Team Søre plass i kvartfinalen.

Også sluttspelet starta botnsolid for Team Søre, som vann heile 9–0 over Gneist. Nikolas Brandal scora kampens første mål allereie etter to minutt og før pause hadde laget lagt på fire til.

Dermed var Team Søre klare for semifinale, og det skulle bli ein tettare og tøffare kamp.

Kasper Lødemel frå Ørsta IL scora kampens einaste mål i semifinalen mot Fyllingsdalen, og sende Team Søre til finale mot sjølvaste Brann.

Det blei ein endå tettare kamp, der ingen av laga fekk ballen i mål i løpet av ordinær tid, men der ørstingen Andreas Tangen sikra Team Søre-siger med si scoring seks minutt ut i ekstraomgangen.