Vikebladet Vestposten møter brandølingen Victoria Røren og ulsteinvikaren Caroline Overvåg til ein prat på Høddvoll. Målfarlege venninner som speler på kvart sitt lag i same divisjon, høvesvis Hareid og Hødd. Det som er ekstra spesielt er at begge har ei fortid i begge klubbane. Så seint som i fjor spelte dei saman på topp og bøtta inn mål for Hareid i 4. divisjon. I vinter melde Caroline overgang til moderklubben Hødd, og med det var dei begge i klubbane dei «høyrer heime i», som dei seier sjølve.

– Det er frykteleg rart å skulle møte deg i kamp, seier Victoria med eit smil.

Caroline snur seg mot Victoria og svarer:

– Heilt einig. Det blir merkeleg å ikkje spele med deg, men mot deg, seier Caroline.

16. mai, på fotballens store festdag, er Høddvoll klar for fotballfest, når Hødd tek i mot Hareid til nabooppgjer i 4. divisjon. Sjølvsagt blir det litt ekstra blest rundt ein slik kamp, noko som gjer at venninnene både gruar og gler seg.

– Det blir sjølvsagt først og fremst eit spanande oppgjer, og det er på ingen måte gitt at Hødd går sigrande ut av denne kampen. Ein slik kamp på ein slik dag blir nesten meir som ein liten cupfinale å rekne, seier Caroline.

– Vi skal gi dei kamp, det kan eg love, seier Victoria og smiler lurt til Caroline.

Merkar aukande satsing

Dei to meiner at jente- og damefotball har fått seg eit oppsving siste åra, også lokalt. Hødd har satsa i fleire år allereie, og var i 2. divisjon for berre nokre sesongar sidan, medan Hareid har vore på staden kvil ei stund, før interessa har henta seg opp også der.

– Vi skal konkurrere, men også samarbeide og utveksle erfaringar. Slik kan vi saman løfte jente- og damefotballen i regionen vår, seier Caroline før Victoria skyt inn.

– Det er berre bra at vi har to nabolag i same divisjon, og det er ein fordel at vi kjenner kvarandre så godt. Hødd si satsing på jente- og damefotballen er stadig aukande, og på Hareid ser ein også større fokus. Det er framleis ein lang veg å gå, men vi er på god veg no mot noko betre.

Litt alvor: Når kampdagen kjem, og venninnene står på kvar sin banehalvdel, er det fullt fokus på eige lag og eigne prestasjonar. Eller. neeesten fullt fokus. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Men også litt moro: For venninnene må nesten vedgå at det er vanskeleg å ikkje tenkje på at dei speler mot nokon dei kjenner godt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll