Ivar Morten Normark er innstilt som styreleiar i IL Hødd Fotball. Det skriv Hødd i ei pressemelding.

"Styret i Hødd Fotball har innstilt Ivar Morten Normark som ny styreleiar i Hødd Fotball. Normark vil formelt verte valt som nytt styremedlem ved ekstraordinært årsmøte i mai. Styret vil deretter konstituere seg med Normark som leiar", skriv IL Hødd Fotball i pressemeldinga.

Dei skriv også at Hødd har lagt vekt på å finne ein kandidat med brei og relevant erfaring, som kan vere med på å utvikle klubben vidare. Eit samla styre innstilte Normark til vervet.

«Store delar av mitt yrkesaktive liv har i prinsippet handla om å setje saman og utvikle gode lag. Det ser eg fram til å fortsetje med saman med gode medspelarar i Hødd» fortel Normark i pressemeldinga.

Ivar Morten har vore trenar på dei fire øvste nivåa i norsk herrefotball, assistent for damer på toppnivå, sportsleg leiar i ungdomsavdeling og i mange år spelar i dei øvste divisjonane. Han har vore styremedlem i Norsk Fotballtrenerforening, der han også var leiar i to periodar. I dag jobbar han tett på næringslivet på Sunnmøre som rekrutteringsrådgjevar.

Gjennom jobben som rekrutteringsrådgjevar var Normark sterkt involvert då Oddmund Davik Otterlei vart tilsett som dagleg leiar i Hødd Fotball.