Hødd har opna sesongen med å spele uavgjort mot både FK Sykkylven og Herd 2, men fredag kom endeleg trepoengaren heime mot Volda.

Dette var ein spesiell kamp på fleire måtar. Ikkje berre gjorde den tidlegare landslagsmålvakta Erika Skarbø comeback, men på motstandarlaget var det også fleire kjende ansikt denne kvelden.

Ole Per Kragset har tatt over Volda-damene denne sesongen, etter fleire sesongar i Hødd, medan Susann Brandal Kragset også har meldt overgang til Volda. I tillegg er Volda-kapteinen Mari Heggen tidlegare kaptein på Hødd.

Henrik Breimyr, som trenar Hødd saman med Torbjørn Rekdal, slo fast at dette nok gjorde at fleire av Hødd-spelarane var noko nervøse før kampen.

Tok vare på sjansane sine

Hødd fekk den beste starten på Høddvoll og Anna Nygård Thunem var nære ved å gje heimelaget leiinga allereie etter fem minutt. Ho utnytta at keeper kom for langt ut, men vart såpass pressa i avslutninga av ballen gjekk like til side for mål.

Volda si første moglegheit kom etter 14 minutt, men skotet frå skrått hald gjekk utanfor målet til Erika Skarbø. Ho hadde ikkje altfor mykje å gjere på i den første omgangen, men tok seg greitt av det som kom og dirigerte forsvaret framom seg frå første minutt.

Anna Nerland Aahjem vart kampens første målscorar då ho vart sendt på løp ute på høgresida etter 17 minutt. Det såg ut til at ho forsøkte eit innlegg, men ballen gjekk over Volda-keeperen og spratt inn i det tomme målet til 1–0.

Perlescoring

Berre fem minutt seinare stod det 2–0 og no var det storesyster Ellen Nerland Aahjem som skulle introdusere seg. Ho hadde akkurat kome inn for Andrine Nevstad, og fekk ballen servert frå Anna Nygård Thunem. Men her var det ikkje snakk om ferdigscora. Nerland Aahjem fekk ballen ute på venstresida, dribla seg forbi eit par forsvarar før ho banka ballen opp i næraste hjørnet. Ei flott scoring.

Volda sin keeper var noko usikker i nokre situasjonar i den første omgangen og etter 29 minutt utnytta Hødd dette. Gro-Elise Aksnes slo hardt inn framom mål, keeper gav ein retur og då var Anna Nygård Thunem raskt framme, skaffa seg plass og sette inn 3–0.

Hødd var også nære ved å sette inn 4–0 før pause, då Nygård Thunem fekk ein fin stikkar på høgresida. Denne gongen kom Volda-keeper Nathalie Eid fint ut og fekk blokkert avslutninga frå hjørnet av 16-meteren. I neste situasjon fekk Caroline Overvåg sjansen til å avslutte rett på utsida av 16-meteren, men skotet gjekk like til side for mål.

Det stod dermed 3–0 til Hødd ved pause og det var fortent nok, sjølv om heimelaget også tok godt vare på sjansane sine.

Volda reduserer

I den andre omgangen vart det meir Volda og allereie etter 54 minutt kom reduseringa for gjestane. Erika Skarbø nådde ikkje ned på eit innlegg frå høgresida, og på bakre stolpe kunne Mari Heggen pirke inn 3–1 på ope mål.

No fekk bortelaget ferten av poeng, og det vart eit større trykk mot Hødd i den andre omgangen. Då stod også Skarbø fram med nokre viktige redningar, der ho sørga for at Hødd framleis hadde to mål å gå på.

Framover var det mindre som stemte for Hødd. Laget verka å vere meir nervøse og såg ut til å vere redde for å gje frå seg leiinga.

To minutt før slutt skulle det også bli skikkeleg spanande. Etter at Hødd hadde vore i angrep køyrde Volda ein kjapp overgang og plutseleg var Maja Speerstra Østervold på full fart gjennom forsvaret til Hødd. Østervold banka inn 2–3 og gav Volda eit lite håp om poeng.

På veg inn i overtida vart det intenst på Høddvoll, men heimelaget klarte å presse ballen over på Volda sin halvdel, skaffa seg innkast høgt i banen, samt nokre frispark. Volda var også svært heldige som unngjekk straffe, etter klar halding på Caroline Overvåg, men i staden fekk Hødd frispark utanfor 16-meteren i situasjonen etterpå.

Frisparket tok Anna Nerland Aahjem og ho fekk godt treff. Ballen small i metallet bak Volda-keeperen, men dessverre for Hødd gjekk den stolpe ut og ikkje inn.

Uavgjort ikkje aktuelt

Men Hødd kunne kort tid seinare juble for 3–2 siger og for årets første trepoengar.

– Det var ikkje aktuelt at det skulle bli 3-3, fortel Erika Skarbø etter kampslutt. Ho er med Hødd-damene ein gong i veka som keepertrenar, men har også sagt at dersom det skulle knipe så kan ho steppe inn som keeper.

Fredag var det likevel over fem år sidan sist ho stod i mål,

– Det var veldig kjekt! Nokre ting er eg litt rusten på, nokre ting fungerte ok og så kan eg vere med på å rettleie dei framom meg slik at vi som kollektiv klarar å ta ein ufatteleg viktig siger, fortel Skarbø.

Ho legg ikkje skjul på at det vart temmeleg nervøst etter Volda si 3–2 scoring.

– Jentene gjer ein kjempeinnsats og det er kjekt å få bidra, men det blir nervøst. Eitt poeng hadde vore kjedeleg og eg fekk absolutt kjenne på den utruleg herlege vinnarfølelsen og lagfølelsen, seier ho og legg til at det var veldig kjekt å spele fotball igjen.

Imponert over innsatsen

Henrik Breimyr synest det var litt unødvendig av Hødd å sleppe inn 3–2 målet, men at heimelaget elles hadde bra kontroll på Volda.

– Ja, eg synest vi er gode og vinn fortent. Vi kunne kanskje tatt endå betre kontroll over ballen i periodar, men eg veit korleis det blir når ein er i føringa, ein kan tidvis bli litt forsiktige, seier Breimyr.

Han var samstundes veldig imponert over innsatsen til Hødd-spelarane.

– Det trur eg også alle som var her for å sjå kampen også blei, dei sprang utruleg mykje og stod på for kvarandre. Det er veldig kjekt å sjå på, slår han fast.

Breimyr synest også det var kjekt å få med ein tidlegare landslagskeeper i mål for Hødd.

– Du merkar det veldig godt at ho snakkar heile tida, og at det spreier seg til dei andre. Gro-Elise Aksnes snakkar også heile kampen og styrer og dirigerer, og det er heilt fantastisk at spelarane kan lære av nokon som er så god som Erika. I tillegg vartar ho opp med eit par klasseredningar og det er også greitt, smiler Breimyr.

Kampfakta:

3.-divisjon kvinner

Hødd – Volda 3 – 2 (3–0)

Høddvoll, ca. 90 tilskodarar

Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL

Mål: 1–0 Anna Nerland Aahjem (17), 2–0 Ellen Nerland Aahjem (22), 3–0 Anna Nygård Thunem (29), 3–1 Mari Heggen (54), 3–2 Maja Speerstra Østervold (88)

Hødd: Erika Skarbø – Pia Notanes Brandal, Merethe Molvær Terøy, Gro-Elise Aksnes, Cecilia Bakke – Andrine Nevstad, Oline Marø Sundgot, Caroline Overvåg – Anna Nerland Aahjem, Anna Nygård Thunem, Astrid Oline Roppen

Innbytarar: Ellen Nerland Aahjem, Vilde Sundnes Sundal, Lina Dorthea Solheim Stave