– Dette var ei stor oppleving. Det er litt som etter Florø-kampen, at det beste med sigeren er at vi vinn fortent. Eg er veldig stolt av gutane. Vi snakka på førehand om at dei skulle gå ut og vise kor gode vi er, og det gjer dei. All ære til spelarane, det er dei som fortener all ”cred” for denne sigeren her, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Etter å ha tatt seg forbi eit Obosligalag i andre runde, var det Eliteserielaget som vart sendt ut av cupen torsdag. Mot Florø eigde Hødd spelet i store delar av kampen, men brukte lang tid på å få den avgjerande scoringa. Mot KBK sørga Steffen Moltu og Joachim Osvold for at det stod 2–0 ved pause og at Hødd hadde full kontroll på oppgjeret.

– Eg synest vi leier fortent til pause. Det einaste ein eigentleg kan ”kicke” litt på i dag er at ikkje vi scorar eit mål eller to til. Eg synest vi bør kunne drepe kampen tidlegare og få 3–0. Når vi ikkje gjer det så blir det alltid litt spanande, men det er ein fortent siger. Vi veit at vi har eit høgt nivå inne og veit at vi er eit godt fotball-lag, men no må vi også ta med oss den følelsen og prestasjonen frå denne kampen inn i seriespelet slik at vi kan sleppe oss litt meir lause der. Vi har sett oss høge mål i år, og det er viktig at ikkje det ”tar” oss, men at vi klarar å sleppe oss lause og spele den fotballen vi veit vi kan spele, fortel Hødd-trenaren.

Allereie søndag ventar ein ny kamp, borte mot Egersund, og Eid ønskjer sterkt at Hødd-spelarane skal prestere på same nivå som mot KBK.

– Hadde det vore så enkelt som at vi berre kunne sette på repeat-knappen så hadde det vore enkelt å drive med fotball. No skal vi kose oss litt i kveld, så er det trening igjen i morgon før vi reiser laurdag. No kan vi krone veka med siger på søndag også og det er det vi går for.

Hødd imponerte stort mot KBK. Laget sleppte til svært lite, og skapte også nok til å score fleire enn dei to laget enda med. Eid var likevel ikkje heilt trygg på sidelinja.

– Vi hadde bra kontroll, men eg er jo aldri roleg. Eg er likevel ikkje overraska over at dei skapte lite, for eg veit at når det defensive spelet vårt fungerer så er det vanskeleg å score på oss. Vi har heldt nullen i fem av sju obligatoriske kampar og vi har toppspelarar i forsvaret med eit veldig høgt toppnivå inne og vi har ein god keeper.

Gledeleg for trenaren var det også at Joachim Osvold endeleg kom på scoringslista.

– Det var godt for Joachim. Han skulle kanskje hatt endå eitt mål, men vi får seie oss fornøgde med ei scoring i dag, smiler Eid.