Persa kraftig

Dimna-utåver Anette Lydersen betra sin personlege rekord i slegge kraftig torsdag kveld.

Anette Lydersen frå UM på Fana Stadion i fjor der ho tok bronsemedalje.  Foto: Arkivbilde: Dimna IL

Sport

Ifølgje nettsidene til Dimna IL er den nye personlege rekorden til Lydersen på 46,45 meter.

Ho sette rekorden under nasjonal kastsamling på Byrkjelo torsdag.

På nettsida heiter det også at Lydersen har fått kasta mykje slegge i vinter, og at hennar personlege rekord nok står i fare for å verte slått når ho får trene endå meir på sleggekast utandørs.