- Vi fekk ein god start, men vi hadde store problem i 1.omgang. Hødd var veldig gode dei fyrste 45 minutta, men etter pause synest eg vi er betre defensivt og hadde grei kontroll. Dei har mest ball, men er ikkje særleg farlege framfor mål i 2.omgang, seier Standal like etter kampslutt.

- Ikkje fortjent

Standal meiner Lokomotiv Oslo hadde marginane på si side.

- Det var ein skikkeleg deilig sliteseier i dag, og sjølv om det ikkje var heilt fortjent så får vi ei scoring heilt på slutten. Vi får litt ekstra "pondus" inne i sekstenmeteren når vi møter eit så ungt lag, og fekk utnytta det, seier Espen Standal.

- Kjekt å vere tilbake

Som likte godt å vere tilbake på gamle trakter.

- Her har eg lagt ned mange timar. Det er alltid kjekt å vere tilbake på Høddvoll, sjølv om det nok hadde vore enno kjekkare å møte førstelaget, seier Standal smilande.

Kjetil Paulsen, som også har ei fortid i Hødd (og Bergsøy), var også på bana for Lokomotiv Oslo i dette oppgjeret. På benken sat to andre kjenningar, Arthur Bakke Garnes og Are Olav Riise.

Lokomotiv Oslo har fått ein god start på sesongen. Med 9 poeng på sine 5 fyrste kampar ligg dei no på ein solid 6. plass med 5 poeng ned til spjelkavik på 11. plass.

Heile fire lag rykker ned frå 3. divisjon, og Hødd ligg no sist i 3. divisjon avdeling 1.