–Eg hadde gledd meg til kampen. Og eg ville vel vise meg litt fram, sidan eg har spelt for Kristiansund før og kjenner mange av spelarane og i støtteapparatet.

Det har vorte fredag formiddag og 25-åringen frå Eid tek seg tid til eit intervju med Vikebladet Vestposten over ein Cola zero på Kaffebaren, før heile laget skal på restitusjon i Ulsteinbadet.

– Eg vart trigga av å spele mot kjentfolk og av at det var mykje folk på tribunen, seier han.

Toppklubb i feil divisjon

I tillegg til Kristiansund BK har eidaren spelt for mellom anna HamKam, svenske Husqvarna, Nest-Sotra, Åsane og Notodden. I fjor spelte han for Elverum i 1. divisjon.

– Mitt store idol, André (Nevstad), ringde meg nesten dagleg i fjor haust, og då var det ikkje tvil, fortel han. Kontrakten med Hødd vart underskriven i desember.

– Då eg var yngre var faren min og eg ofte på Høddkampar, mellom anna fordi faren min kjem frå same stad som Erik Sandal: Deknepollen. Å spele for Hødd er nesten som å spele heime, fortel han.

Kva synest du om opphaldet i Hødd så langt?

– Det er stort å spele for Hødd. Her er så mange fine folk og ein god kultur. Som spelar blir du veldig integrert, og då betyr det mykje å vinne og å gjere det bra. Og så har du Blåsarane som står og syng gjennom heile kampane. Eg vil seie det slik at Hødd er ein toppklubb i feil divisjon, seier Hagen.

Kva meiner du sjølv at du tilfører Hødd?

– Eg vert fort glad i folk, er utadvendt og vil vere ein fin fyr. Men det skuffar meg veldig at folk går frå tribunen før kampar er ferdige!

Kan de slå Bodø/Glimt i neste cuprunde?

– Ja, det er absolutt mogleg. Eg var med i fjor då Elverum slo Bodø/Glimt ut i 8.delsfinalen.

Eit år om gongen

25-åringen er yngst av tre søsken. Dei to systrene er tre og seks år eldre. Begge har spelt fotball på toppnivå. Bestefar på morsida, Sverre Heggen, brukte heile livet sitt på idretten i Eid og fekk Kongens fortenestmedalje. Farfaren var sjøkaptein og fekk sett heile verda. Begge døydde i fjor.

– Eg har nok arva lidenskapen bestefar hadde for fotballen, og eventyrlysta til farfar. I tillegg til hard innsats og mentaliteten dei begge hadde.

– Ein veit aldri kva som skjer i livet. Det er ikkje så veldig farleg å tape ein fotballkamp, eigentleg. Så eg tek eitt år om gongen.

Master, firma, modell

Døgnet har nesten ikkje nok timar, for ved sida av fotballen, tek Marius Hagen ei mastergrad i idrettspsykologi, han driv eige firma og han tek modelloppdrag.

– Det har alltid vore viktig for meg å gjere det bra på skulen, for du veit, fotballen er ikkje noko som varer livet ut. Det er sunt å ha noko anna å tenkje på, og kanskje er det slik at viss eg blir smartare utanfor bana, så blir eg også smartare på bana? Å vere fotballspelar er ikkje nok for meg, eg treng å ha noko å strekke meg etter, treng å få bruke hovudet mitt.

Marius Hagen fortel at han likar å vere på sjøen, stå på snøbrett, gå toppturar, at han alltid er på jakt etter nye opplevingar. Gjennom firmaet Marius Hagen Egentuvikling arrangerer han idretts- og fotballskular og aktivtetsleirar for born og unge mellom 11 og 16 år.

Og så var det desse modelloppdraga...?

– Ja, eg har vore med på mykje, mellom anna for Ricco Vero og Skogstad. Det er ikkje akkurat det å verte teken bilde av som er kjekt, men du får mange fine reiser og oppleveringar, og så møter du mange kjekke folk.