- Ja, kva skal eg seie. Det var i alle fall eit viktig poeng på ei tøff bortebane, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

I Idrettsparken i Egersund søndag var det lite om minte om energien Hødd-laget viste då Kristiansund BK vart slått ut av cupen på torsdag.

Tok leiinga

Men det var Hødd som viste mest initiativ frå kampstart og hadde ein halvsjanse etter seks minutt ved Johannes Sundgot, etter eit innlegg frå Daniel Eid.

EIK kom etter kvart meir med, og første omgang vart jamspelt, sjansefattig og litt rotete- med mykje spel på midtbana, mange innkast, hjørnespark og frispark.

I det 31. minutt gjekk heimelaget opp i 1-0-leiing ved Bob Sumareh. Han var toppskårar på laget i fjor.

Laget frå Egersund hadde før søndagens kamp ikkje skåra eit einaste mål i årets sesong.

- Det er eit godt heimelag, som kanskje ikkje har kome heilt i gang i årets sesong. Eg trur mange kjem til å slite med å slå EIK, seier Sindre Eid.

Utlikning

Ti minutt etter heimemålet kom Markus Kvame Naglestad åleine med keeper og sikra utlikning for Hødd.

Det stod dermed 1-1 ved pause.

Også andre omgang bar preg av litt rotete spel. Tidleg i omgangen hadde Markus Kvame Naglestad ein kjempesjanse, etter rot av EIK-keeperen.

Men Naglestad fekk ikkje ballen i mål.

Like etter vart Eirik Franke Saunes skadd og måtte bytast ut.

- Han trakka over og klarte ikkje å halde fram. Det kan vere eit leddband som rauk, men det veit vi førebels ikkje, seier Eid.

To raude kort

Då det stod igjen rundt tjue minutt av kampen, fekk begge lag ein spelar utvist:

Daniel Eid (Hødd) og Roy André Miljeteig (Egersunds).

- Det var ein situasjon i forkant der, Daniel vart hissig og gav Miljeteig ein kraftig dytt i overkroppen. Det er slikt som sjølvsagt ikkje skal skje, seier Sindre Eid.

Fekk du med deg kvifor også Miljeteig fekk marsjordre?

- Nei, eg veit ikkje kva som skjedde som gjorde at også han fekk raudt kort.

Mot slutten av kampen var det EIK som pressa og hadde nokre sjansar.

Men det vart altså poengdeling.

- Vi vinn eit poeng i dag etter ikkje all verdas prestasjon. Spelarane er nok litt tunge i både bein og hovud etter ei tøff kampveke. No skal vi ta med poenget heiim, trene og kvile godt før neste kamp, seier Eid.

Hødd sin neste kamp er mot Vidar søndag 20. mai.