Løpet Thames Path 100 vart ein suksess for Therese Falk frå Hareid.

Løypa, som er 100 engelske miles, gjekk langs elva Themsen frå London til Oxford, skriv kondis.no.

Det var svært varmt under løpet, og mange av dei 300 som starta valde å bryte.

Men Falk fullførte, og fekk tida 18:44:38. Ho sprang med andre ord rundt 16 mil på knappe nitten timar.

Ho vart beste kvinne og totalt nummer sju av alle som fullførte.

Sist torsdag fekk ho tildelt premien som Årets Ultraløper 2017.

Om rundt tre veker skal ho delta i EM i 24-timars løp.