I Bergen deltok Anna Garnes Kleven og Caroline Amalie Sætre under Karabinleikane. Begge jentene stilte i lengde og på langhekken.

God hopping

Her var det Anna Garnes Kleven som fekk det best til og som hoppa 5,26 i lengde. Det var godt nok til ein andreplass. Sætre sitt bestehopp var på 5,16 og gav ein tredjeplass.

Garnes Kleven sprang også inn til ein andreplass på 300 meter hekk med tida 49,43. Caroline Sætre sprang åleine på 400 meter hekk og kom inn på 69,66 i sin sesongdebut.

Kraftig «pers»

Dimna IL hadde også 12 utøvarar som konkurrerte under eit stemne på Misund stadion søndag.

Her leverte Iver Saunes Moldskred og Johanne Rise Kvalen dei aller sterkaste resultata.

Saunes Moldskred forbetra kraftig sin personlege rekord i spyd og fekk opp heile 54,81 meter.

– Han er då berre ein meter bak kravet til senior NM, fortel trenar Arve Hatløy.

Saunes Moldskred støytte også 12,47 i kule.

Tok NM-kravet

Johanne Rise Kvalen tok kravet til senior-NM då ho hoppa 5.41 i lengde. Rise Kvalen har hoppa endå lenger tidlegare, og hoppa mellom anna 5,57 i Ulsteinhallen under Dimna Games i januar. Ho vann også 200 meter med 27,23.

Stemnet i Misund var sesongdebut for den lovande sprintaren Jonas André Ose, som har aldersrekordar på 60 meter både som 14- og 15-åring.

I helga sprang Ose 100 og 200 meter, og tok førsteplassen i begge øvingane. På 100 meter sprang han inn på 11,64 medan tida vart 23,48. Begge deler er eit stykke bak hans aller beste tider på desse distansane og Arve Hatløy fortel at forholda for sprint ikkje var dei aller beste under stemnet, og at det bidrog til at ein ikkje fekk opp rekordtider.

Det blei også fleire andre fine plasseringar til Dimna-utøvarar. Kornelia Roppen sikra seg førsteplass både på 200 meter og i lengde, medan Leonita S. Brandal tok førsteplassen på 100 meter og andreplass på 200 meter. I tillegg tok Oline Rise Kvalen gullet i spyd. Alle tre i J16-klassa.

Henrikke Antonsen tok førsteplassen i spyd framom Elin Skavnes Våge, medan Skavnes Våge tok førsteplass i kule.