Det er framleis om lag to veker igjen til Karsten Warholm sesongdebuterer utandørs under Diamond League-stemnet i Roma 31. mai. Verdsmeisteren på 400 meter hekk frå VM i London i fjor håpar å kunne sette opp stor fart allereie i sine første løp denne sesongen og har i vinter vist at tempoet ser ut til å vere endå høgare enn før fjorårssesongen. Etter løpet i Roma er det Bislett Games som er neste post på programmet for Warholm.

Med VM-gullet frå London vart Warholm eit svært ettertrakta sponsor-objekt, men som manager Kristine Haddal har fortalt til Vikebladet Vestposten har både Warholm og apparatet rundt han tatt seg god tid for å finne dei rette samarbeidspartnarane.

No har dei funne ein slik og tysdag ettermiddag vart det klart at Karsten Warholm og Elkjøp har skrive under på ein sponsoravtale. Dette vart presentert under ein pressekonferanse i Oslo.

Ifølgje VG vil denne avtalen sikre Warholm meir enn ein million kroner. Til avisa seier Jaan Ivar Semlitsch, konsernsjef i Elkjøp, at avtalen blir større di fleire medaljar Warholm sankar.

Denne sesongen er det EM i Berlin som er det naturlege hovudmålet for Warholm og etter VM-gullet frå i fjor må Dimna-utøvaren rekne med å få eit solid favorittstempel før meisterskapen i august.