Laurdag og søndag deltok Edel Charlotte og Pernille Eiken Fosse under Unni & Haralds Pokal i Haslehallen. Det er Oslo Turnforening som arrangerer konkurransen.

For Edel Charlotte var dette første konkurransen som seniorgymnast og Ulsteinjenta fortel at ho var litt nervøs før sesongens første konkurranse.

– Ja, eg synest det gjekk både bra og litt dårleg. Eg starta i bom og det gjekk ikkje så veldig bra. Eg var ganske ustø og fekk ein del trekk for det, fortel Eiken Fosse til Vikebladet Vestposten.

I tillegg fekk ho eit fall i skrankeøvinga si og Eiken Fosse enda til slutt på ein fjerdeplass i firekampen.

Fornøgd

Samstundes kvalifiserte ho seg til apparatfinalar i både skranke og frittståande, og på søndagen skulle det gå mykje betre for Edel Charlotte.

– Då gjekk det eigentleg veldig bra. Spesielt i frittståande. Skranke kunne nok gått endå litt betre, men eg var fornøgd likevel, fortel ho.

I skrankefinalen fekk ho opp 11.550 poeng, medan det vart 12.350 i frittståande. Det var det ingen av konkurrentane som klarte å utfordre og det blei dermed førsteplass i begge apparata.

Edel Charlotte Eiken Fosse fortel at det er kjekt å endeleg få starte konkurransesesongen. Og allereie om to veker skal både ho og systera delta under ei FIG-konkurranse i Asker.

Konkurrerte mot OL-deltakar

Vidar Fosse fortel at dette var første konkurransen for Edel Charlotte sidan ho deltok under Mälarcupen i Stockholm i november.

– Edel Charlotte vann Unni & Haralds i fjor, men då som junior og det skulle noko til å gjere det same i år. Ho som vann konkurransen deltok for Polen under OL i Rio, så ho var den store førehandsfavoritten. Målet var likevel å vere med og kjempe heilt der oppe, fortel Fosse.

Han trur Edel Charlotte kunne klatra opp til ein andre- eller tredjeplass i firekampen dersom ho ikkje hadde vore uheldig med eit fall i skranke.

– Hopp og frittståande var bra. I bommen gjekk ho utan fall, men litt ustøtt og det var nok litt prega av at det var første konkurransen og at det var første apparatet. Det har litt å seie, vurderer Fosse.

Han legg til at Edel Charlotte turna betre både i skranke og frittståande i apparatfinalane og han trur det hadde med at ho då hadde fått seg ei gjennomkøyring laurdag og dermed også tryggare.

– Det blei ei god helg, det vil eg seie.

Klar forbetring

For Pernille Eiken Fosse sin del vart det ein 15.-plass totalt i juniorklassen.

– Ho turna jamt bra, hadde eit fall i bom, men forbetra seg med halvanna poeng sidan i fjor. Ho hadde eit håp om å ta seg til apparatfinalen i bom, og kunne nok klart det om det ikkje var for fallet, fortel Fosse om andreårsjunioren.

Den komande konkurransen blir viktig for dei to gymnastane. Vidar Fosse fortel at FIG-konkurransen i Asker også er kvalifisering til Nordisk Meisterskap og til EM.

– For Edel er det EM i starten på august som er målet. Seinare i haust er det også VM i Doha, fortel Vidar Fosse.