Det vart lokka med eit skikkeleg lokaloppgjer då Hødd inviterte til fotballfest på Høddvoll 16. mai. Denne sesongen spelar Hødd og Hareid sine damelag i same divisjon for første gong på lang tid, og på fotballens festdag var det duka for naboduell.

For heimelaget sin del vart det smådramatisk allereie under oppvarminga. Keeper Erika Skarbø, som gjorde comeback sist serierunde, fekk ein finger ut av ledd. Ikkje ei optimal opplading til kampen, men med litt hjelp frå Frode Gjerde kom fingeren på plass før kampstart.

Bortelaget hadde vunne sine to siste kampar i serien og fekk også den beste starten på Høddvoll. Hareid pressa Hødd høgt og fekk spelet til å sitte betre enn det heimelaget klarte i opninga.

Dei første 15 minutta var det meir som ein stillingskrig på Høddvoll, og det tok endå fire minutt før ein fekk kampens første sjanse.

Hareid hadde hatt eit par avslutningsforsøk, men ingenting som blei farleg. I staden var det Hødd som fekk meir taket på det.

Hødd tok over

Anna Nygård Thunem var ikkje langt frå å sette inn 1–0 etter 19 minutt, men Amalie Hong Hansen Koppen var på rett plass for å blokkere til ein corner. No trykte Hødd bortelaget bakover og det blei tre cornerar på rad, der det vart småfarleg på alle tre.

No tok Hødd verkeleg over kampen og spelte seg til betre moglegheiter. Både Marte Aarsand Vik og Therese Hareide Holstad hadde brukbare forsøk, men utan å få ballen i mål.

Holstad Hareide var også involvert då Hødd tok leiinga etter 29 minutt. Ho fekk ballen like utanfor 16-meteren, tok seg ned til dødlinja og slo ut til Anna Nygård Thunem, som frå kort hald kunne sende heimelaget opp i 1–0.

Nære utlikning

Hareid gav på ingen måte opp etter å ha kome bakpå, og seks minutt etter Hødd-scoringa var Hanna Holstad Grimstad svært nære ved å sette inn 1–1. Holstad Grimstad vart spelt fint fram på venstresida, tok med seg ballen inn i 16-meteren og fekk avslutta frå bra hald, men Hødd-keeper Erika Skarbø leverte ei strålande redning for å hindre utlikninga.

To minutt før pause var også Matilde Hassel frampå med ei brukar avslutningsmoglegheit, men skotet vart litt for laust og dermed skapte det ikkje større problem for Hødd-keeperen.

Ut frå sjansestatistikken var det heilt greitt at Hødd var i føringa ved pause, men naboane frå Hareid gav på ingen måte Hødd nokon lett kamp.

Også i den andre omgangen var det stort sett jamt, sjølv om Hødd skapte dei fleste sjansane. Heimelaget hadde også temmeleg bra kontroll bakover, men sjølv om Anna Nerland Aahjem trefte tverrliggjaren, så var det berre det eine målet som skilde laga då det stod att 15 minutt.

Hareid uheldige

Men så var Hareid-keeper Linn Håberg Dimmen uheldig. Gro-Elise Aksnes slo eit lågt og hardt frispark frå om lag 25 meter. Keeper såg ut til å ha kontroll, men glapp ballen forbi seg og i mål til 2–0.

Tre minutt seinare var Hareid uheldige igjen. Anna Nerland Aahjem fanga ballen etter ei svak klarering og kunne enkelt sette inn 3–0.

Fem minutt før full tid var Hareid nære ved å skaffe seg ei redusering. Innbytar Runa Mork Røyset kom til ei svært god avslutningsmoglegheit på høgresida, men Lene Mari Våge Myklebust, som kom inn for Erika Skarbø, kom fint ut og fekk slått unna avslutninga.

I staden for redusering skulle Hødd sette inn sitt fjerde for kvelden. Anna Nerland Aahjem fekk ballen ute på høgresida, sette fart mot Hareid-målet og banka til frå om lag 12 meter. Ballen fauk i mål og Hødd kunne juble for 4–0 siger.

Måtte jobbe for poenga

Det gjorde godt for heimelaget. Ikkje minst for Caroline Overvåg, som i fjor spelte for Hareid, men som i denne kampen var kaptein på Hødd.

– Dette var veldig viktig, men det var inga sjølvfølgje at vi skulle vinne. Vi måtte jobbe hardt, men det var fortent, seier Overvåg, som synest Hareid var bra med på notane i 75 minutt.

– Med ein gong Ingvild (Pedersen) gjekk ut så rakna det litt for dei, og eg trur kanskje vi tok dei litt på kondisjon også, smiler Overvåg.

– God figur

Hareid-trenar Anita Waage synest 4–0 vart litt i overkant ut frå det Hareid leverte borte mot Hødd.

– Eg er stolt av jentene. Eg synest vi gjer ein god figur, men er uheldige med to mål som kanskje bikkar heile kampen. Hadde vi fått eit mål på den store sjansen vår i første så hadde dette vore ein heilt anna kamp, fortel Waage.

Ho understrekar samstundes at desse kampane er med på å bygge erfaring i laget.

– Vi har eit ungt lag, med fire-fem jentespelarar utpå der. 4–0 er litt drastisk, men Hødd peisar på heile kampen og vi blir litt slitne mot slutten. Vi legg det på hylla for erfaring.

Det er mykje ungt i Hødd-troppen også, men mange av spelarane har spelt på både dette og høgare nivå i fleire sesongar tidlegare. Likevel såg det ut til å vere Hareid som fekk den beste starten på kampen.

– Eg synest vi startar best, men så kjem Hødd meir inn i kampen. Etter scoringa deira synest eg også at vi kom godt tilbake og klarte å halde hovudet klart. Vi kunne fått 1-1, men keeperen deira var ein av dei store forskjellane i denne kampen. Ein ser at dei har ein kjempefordel og det er kjempebra for Hødd at dei har med Erika, fortel Waage.

Med sigeren over Hareid er Hødd oppe på ein andreplass i divisjonen, to poeng bak Volda som har ein kamp meir spelt.

Kampfakta:

3.-divisjon kvinner

Hødd - Hareid 4 - 0 (1-0)

Høddvoll

Dommar: Birger Breivik, Volda TI - Fotball

Mål: 1-0 Anna Nygård Thunem (29), 2-0 Gro-Elise Aksnes (75), 3-0 Anna Nerland Aahjem (77), 4-0 Anna Nerland Aahjem (86)

Hødd: Erika Skarbø - Vilde Sundal, Gro-Elise Aksnes, Merete Terøy Molvær, Cecilia Bakke - Marte Aarsand Vik, Andrine Nevstad, Lina Dorthea Solheim Stave, Caroline Overvåg, Therese Hareide Holstad - Anna Nygård Thunem.

Innbytarar: Lene Mari Våge Myklebust, Ellen Nerland Aahjem, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Astrid Oline Roppen, Anna Nerland Aahjem, Thea Elise Ertesvåg.

Hareid: Linn Håberg Dimmen - Silje Årsbog Bjåstad, Ingvild Pedersen, Oda Johansen, Amalie Hong Hansen Koppen - Cecilie Skeide, Matilde Hassel, Hanna Holstad Grimstad, Shaajeena Jeyathas - Victoria Røren, Maria Juul Hansen

Innbytarar: Kristin Marø, Martine Svendsen Holstad, Runa Mork Røyset, Sigrid Petronille Pedersen.