Hareid har vore nære fleire gongar, ikkje minst borte mot Larsnes/Gursken, der Hareid var i føringa til det stod att eitt minutt av ordinær tid. Så langt har det likevel ikkje lukkast å plukke poeng for Hareid, som fredag spelar sesongens femte kamp, borte mot Rollon.

Fredagens heimelag har tatt åtte poeng på sine fire første kampar, og har framleis til gode å tape i serien denne sesongen. Godøy og LGFK har blitt slått på bortebane, medan det har enda uavgjort mot både Emblem og Valder.

Rollon har ikkje vore spesielt målfarlege til no i år, med fire fulltreffarar på fire kampar, men så slepper dei nesten ikkje inn mål heller. Emblem er einaste laget som har klart å score på Rollon i serien.

Til samanlikning har Hareid scora sju mål på sine første kampar, men Godøy og FK Sykkylven er einaste laga som har fleire baklengsmål enn Hareid. Raudtrøyene har i overkant av tre baklengsmål i snitt per kamp. Truleg må laget tette betre igjen dersom det skal bli poeng mot Rollon.

I fjor vann Hareid bortekampen mot Rollon 2-0 etter eit sjølvmål og scoring frå Ruben-Kenneth Brandal. På Hareid var Rollon sterkast og vann 3-0.

Kamptroppen: Rikard Johannes Osnes, Henrik Holstad, Martin Nikolai Longva, Håvard Knudsen Bjåstad, Tarje Dimmen Riise, Ola Vattøy, Benjamin Reite, Bendik August Engen, Sigve Overå Hide, Ruben Kenneth Brandal, August Julian Brandal, Fredrik Andresen, Kim-André Lid Alvestad, Gustav Bjørlykke Kløvning, Andreas Nesset, Markus Hareide