Hareid ventar framleis på sine første poeng i årets 4.-divisjon på Sunnmøre. Fredag var det Rollon som vart for sterke for raudtrøyene.

Heimelaget fekk ein knallstart på kampen, med scoring allereie etter få sekund og før det var spelt fem minutt hadde Rollon auka til 2-0.

Dette blei ein tung førsteomgang for Hareid, for heimelaget scora fem gongar i løpet av kampens første 32 minutt og det stod dermed heile 5-0 ved pause.

Mohammad Khalil Abouzari sette inn 6-0 etter 78 minutt, men så skulle Hareid få seg eit par trøystemål mot slutten.

Først reduserte Bendik August Engen for Hareid, før Rollon brente eit straffespark. I staden for at Rollon scora sitt sjuande, fekk også Hareid straffespark og kaptein Ola Kalvø Vattøy sette inn 6-2 to minutt før full tid.

Det blei likevel eit klart tap for Hareid, som snart må byrje å plukke poeng. Første sjansen til å gjere det er heime mot Godøy 24. mai. Det blir ein botnduell mellom Hareid med null poeng og Godøy med eitt poeng etter fem seriekampar.