Hødd har slått Florø, VIF 2 og KBK i sine tre siste kampar på heimebane. To av desse var i NM, og på sine tre siste seriekampar har det berre blitt fire poeng på Hødd. Sist vart det 1–1 borte mot Egersunds IK i ein kamp der Hødd ikkje klarte å følgje opp prestasjonane frå 2–0 sigeren over Kristiansund.

No ventar Stavanger-laget Vidar på Høddvoll søndag. Dei har eitt poeng mindre enn Hødd så langt denne sesongen, men har ikkje tapt på sine tre siste. I desse kampane har det blitt siger over både Bryne og Egersunds, i tillegg til å spele uavgjort mot Brattvåg.

Vidar ser dermed ut til å ha fått opp dampen etter tap i sine to første seriekampar denne sesongen, men ut frå fjorårets kampar mellom laga bør Hødd likevel vere favorittar. Då vann nemleg Hødd begge kampane 3–0.

Denne veka har Hødd-spelarane hatt ei rolegare veke, etter tre kampar på seks dagar sist veke.

– No ser det veldig fint ut. Vi har fått kvilt litt denne veka, fekk kosa oss på 17. mai, som var ein flott dag og no gler vi oss til kamp på søndag, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Lagt lista høgt

For Hødd handlar det no om å også levere like gode prestasjonar i serien som det laget har gjort i cupen.

– Alle kampar lev sitt litt og har sine føresetnadar. Det er klart at det handlar om å frigjere energi og gle seg til kamp. Vi har lagt lista høgt i år med tanke på kvar vi ønskjer å ligge. Det må ikkje bli ei mental hindring for oss og vi må klare å sleppe oss lause. Vi er eit steike godt fotball-lag, men vi må få det ut så ofte som mogleg, seier Eid.

Han legg til at Hødd prøvar å gå «all in» i kvar kamp, men at det ikkje vil lukkast kvar gong.

Hødd-trenaren ventar ein tøff kamp mot Vidar søndag.

– Dei har slått både Bryne og Egersunds, og tapte berre 0–1 for Sandnes Ulf i cupen. Dette er ein jamn divisjon, det ser vi og vi veit at det ikkje blir enkle kampar. Vi må ta Vidar på alvor, men vi styrer på mange måtar vår eigen skjebne. Vi har eit steike godt lag når ting stemmer og på ein god dag skal vi sjølvsagt slå Vidar heime, seier Eid.

Hødd må klare seg utan Daniel Eid, som fekk to kampar karantene etter det raude kortet mot EIK sist helg.